Utbygging av Kjørnes III i Sogndal kommune
Rev. dato: 19.9.2009 | 7. Ulovleg vegbygging |
1. Reguleringsplanar
og grunnavståing 2. Sal av Kjørnes III 3. VA-grøfta 4. Manglande sikring 5. Miljøkriminalitet 6. Hjortegjerde |
Bakgrunn
Reguleringsplan for Kjørnes II og III, rev. 18.09.1984. Ny VA-grøft/veg er vist med raud strek:
Kloakkgrøfta frå Kjørnes III går
gjennom det arealet som vart regulert av Sogndal kommune
i 1984. Arbeidet vart planlagt av Vikane AS som ei rein
VA-grøft. Etter at Sogndal kommune overtok ansvaret for utbygginga av VA-anlegget for Kjørnes III den 15. mai 2008, valde kommunen å kombinere grøfta med ny veg inn til felt U i reguleringsplanen frå 1984. I dette feltet skal det byggjast minimum 11 hus. Sogndal kommune starta utbygginga i strid med gjeldande reguleringsplan og utan å varsle om oppstart av reguleringsarbeid etter reglane i Plan- og bygningslova. Reguleringsplanen er eit juridisk bindande dokument. Dette avsnittet er kopiert frå Miljøverndepartementet si heimeside:
|
||
I den stadfesta reguleringsplanen frå
1984, er det ein klar føresetnad at det skal byggjast
veg fram til felt U frå krysset ved barnehagen fordi det
ikkje var ønskjeleg med meir trafikk på den kommunale
vegen mellom Hagalandet og Vikane. Det har vore vanskeleg å få ut informasjon om kven som gav løyve til vegbygging, og kva som var grunngjevinga for å starte utbygginga i strid med gjeldande reguleringsplan. I møteboka for forvaltningsutvalet går det ikkje fram at Sogndal kommune har fått dispensasjon frå reguleringsplanen eller om saka er avgjort av rådmannen etter fullmakt frå utvalet. Ordføraren vart varsla om det ulovlege byggjearbeidet ved brev av 30.06.2008. Dette brevet har han ikkje svart på. I 2009 vart arbeidet førebels avslutta utan tilkopling til kommunevegen. |
||
Den ulovlege kommunale vegen kryssar
ein markert bekkedal på ei høg fylling. Vegen går
gjennom areal som er regulert til landbruk. Sogndal
kommune har ikkje søkt om dispensasjon frå §6 i
reguleringsføresegnene der det står:
Sogndal kommune har ikkje fått løyve til å bruke dette arealet til massedeponi eller vegbygging sjølv om kommunen er grunneigar. |
||
Vegen stoppar midt i ei usikra
fjellskjæring. Vegbygginga gjennom felt U er utført utan godkjend plan etter §4 i reguleringsføresegnene der det m.a. står:
Den ulovlege bygginga utan godkjend busetnadsplan, medfører truleg at heile U-feltet må regulerast om slik at husa kan plasserast mot den nybygde vegen. |
||
Den kommunale frukthagen har fått
hard medfart under den ulovlege vegbygginga til kommunen.
Byggjeleiaren til Sognal kommune har truleg oversett dette punktet i reguleringsføresegnene:
|
||
Ordføraren i Sogndal kommune har
meldt eigaren av denne gangvegen til politiet fordi han
meiner at vegen er planert 1,0 m for brei. Kva vil ordføraren gjere med den ulovlege vegbygginga som Sogndal kommune har utført på Kjørnes? Vil han feie for eiga dør, eller vil han vente til andre melder kommunen til politiet? Den ulovlege vegbygginga på Kjørnes står ikkje på saklista til forvaltningsutvalet den 24.9.2009. |
||
På møte i kommunestyret den
10.9.2009, opplyste ordføraren at denne vegen er fire
meter brei, det vil seie at vegen har minst like god
standard som Fimreitevegen. Sjå fleire eksempel på vegbreidder her! Dei som tek med måleband eller meterstokk ned til sjøen, vil oppdage at dette ikkje stemmer. Dette er ingen bilveg! I saksutgreiinga til møte i forvaltningsutvalet den 24.9.2009, skriv rådmannen i Sogndal at denne vegen er 4 m brei etter at han har trekt frå ei grøft på 0,8 meter. Klikk på avsnittet nedanfor for å lese heile saksutgreiinga! |
||