Utbygging av Kjørnes III i Sogndal kommune

 

2. Sal av Kjørnes III til privat utbyggjar

1. Reguleringsplanar og grunnavståing

3.
Vatn og avlaup

4.
Manglande sikring

5.
Miljøkriminalitet

6.
Hjortegjerde

7.
Ulovleg vegbygging

Bakgrunn

Den 4.12.2006 selde Sogndal kommune arealet for Kjørnes III til "Vikane as" ved Olav Farestveit og Steinar Eikevik for 5 mill. kroner. På dette tidspunktet eksisterte ikkje firmaet. Vikane as vart stifta den 6.2.2007 og registrert i Brønnøysundregisteret den 3.3.2007 med Steinar Eikevik som dagleg leiar.

40 % av kjøpesummen :2,0 mill. kroner før 01.07.2007
30 % av kjøpesummen 1,5 mill. kroner før 01.09.2009
30 % av kjøpesummen 1,5 mill. kroner før 01.07.2012

Klikk her for å sjå heile kontrakten!

Kjørnes III ligg på nedsida av rv. 5 ved det gamle Kjørnesfeltet. Den provisoriske avkøyrsla til barnehagen skal byggjast om til eit T-kryss.

Sogndal kommune skal stengje den trafikkfarlege avkøyrsla på venstre side av riksvegen. Sjå brev frå Statens vegvesen av 26.1.2007.

Den 26.6.2008 søkte Vikane AS om løyve til å setje opp støyskjerm mot bustadfeltet langs rv. 5.

I §2.12 i reguleringsføresegnene står det:

Planutvalet skal godkjenna utforminga av desse anlegga. Støyskjerminga skal oppførast samtidig med opparbeidinga av bustadfeltet.

Tenesteleiar plan gav byggjeløyve den 3.7.2008 utan å stille krav til høgder, materialbruk eller estetisk utforming av støyskjermen.

Kjøparen starta straks opp prosessen med omregulering av feltet frå einebustader til to- og firemannsbustader for å auke fortenesta. Dette har medført eit auka press på dei smale stripene av grøntareal i den reviderte planen frå 1997. Sjå brev til forvaltningsutvalet av 20.12.2006 og kartskisser for utbygging av felt A og felt B (E-post 29-05-2008, brev 9.2.2009, kartutsnitt). Forvaltningsutvalet godkjende felt A som ei mindre vesentleg reguleringsendring den 25.1.2007 (sak 10/07).

Dei detaljerte utbyggingsplanane for felt B og C er ikkje godkjende. I §2.3 i reguleringsføresegnene står det:

"Planutvalet stiller krav om detaljert utbyggingsplan for kvart delområde før byggjeløyve vert gjeve."

Flatehogst i store delar av feltet er i strid med gjeldande reguleringsplan.

Kontrollutvalet i Sogndal kommune bør stille fleire spørsmål ved kommunen si handtering av salet:
  • Vart salet offentleg kunngjort (Doffin og TED), eller var det berre utvalde kjøparar som vart inviterte til å gje pristilbod?
  • Stilte kommunen krav om at kjøparen skulle ha naudsynt kompetanse, kapasitet og økonomi til gjennomføre utbygginga på ein forsvarleg måte?
  • Kven valde ut aktuelle kjøparar (kontroll av firmakvalifisering m.m)?
  • Fekk alle kjøparane lik informasjon og tidsfrist?
  • Kven signerte protokollen om tilbodsopning og forhandlingar med kjøparane?
  • Vart kommunestyret orientert om at firmaet "Vikane as" ikkje eksisterte då kontrakten vart inngått?


F-sak 100/06, dato 30.11.2006:

Ny ansvarsdeling i 2008

I mai 2008 inngjekk Sogndal kommune ei utbyggingsavtale med Vikane AS. På dette tidspunktet forstod kommunen at utbyggingsfirmaet mangla naudsynt kunnskap og formell godkjenning for å prosjektere og byggje VA-anlegget. Avtalen viser at Sogndal kommune tok tilbake ansvaret for utbygging av vatn og kloakk og overtok alle rettar/avtalar og materiell frå utbyggjaren. Utbyggjaren sat berre igjen med ansvaret for vegbygging.

Sogndal kommune 15.05.2008, F-sak 38/08 Utbyggingsavtale Kjørnes III

Utbyggingsavtalen!

Tilbake