Eksempel på måling av vegbreidde

Rådmannen i Sogndal kommune gav feil informasjon om vegbreidda i saksframstillinga til forvaltningsutvalet i sak nr. 79/09.

Gangvegen er ikkje 4 m brei!

   
Den kommunale vegen frå Hagalandet til Vikane er 3,0 m brei.
   
Feristene på fylkesvegen til Fimreite har ei totalbreidde på 4,0 m.

Vegen er 3,5 m brei på denne strekninga.

   
Ved grova i Eidet er breidda på køyrebane redusert til 3,0 m.
   
Ved avkøyrsla til badeplassen i Eidet er breidda på Fimreitevegen 3,0 m.
   
Dette er starten på den omstridde vegen. Her er vegbreidda 2,5 m. Vegbana blir mykje smalare i det bratte terrenget ned mot fjorden når vegen blir ferdig.
   
Forvaltningsutvalet fekk denne E-posten før møtet den 24. september 2009.
Meldinga til representanten Dag Olav Osen vart avvist av nav.no

E-postadressene er kopierte frå kommunen si heimeside.

   
Ingen foreslo synfaring i sak nr. 79/09.

Forvaltningsutvalet kommenterte ikkje den ulovlege vegbygginga til kommunen.

Etter ein månad er det ingen som har svart på E-posten eller stilt spørsmål ved innhaldet på denne sida.

   
Forvaltningsutvalet vedtok samrøystes at gangvegen er ca. 4 m brei sjølv om dei var klar over feilen i rådmannen si saksframstilling!
Rev. 18.10.2009  

Tilbake