Utbygging av Kjørnes III i Sogndal kommune
6. Hjortegjerdet som vart borte | |
1. Reguleringsplanar
og grunnavståing 2. Sal av Kjørnes III 3. Vatn og avlaup 4. Manglande sikring 5. Miljøkriminalitet 7. Ulovleg vegbygging |
Kommentarar eller spørsmål kan sendast til: Sogndal kommune e-postadresse: [email protected]
I 1986 inngjekk Sogndal kommune avtale om kjøp av grunn til bustadfelt på Kjørnes. I avtalen forplikta kommunen seg til å setje opp hjortegjerde mot dyrka mark på nedsida av feltet. Ved utbygginga av Kjørnes II vart det sett opp eit mellombels gjerde langs rv. 5. Kommunen lova at gjerdet skulle flyttast til endeleg plassering i samband med utbygging av arealet på nedsida av riksvegen.
I brev til Statens vegvesen av 1.4.1992, viste Sogndal kommune til avtalen med grunneigarane og tok ansvaret for å setje opp hjortegjerde etter ombygginga av krysset til Kjørens II. | ||||||||||||||||
Ved oppstart av arbeidet med Kjørnes
III, prøvde kommunen å overføre ansvaret for
hjortegjerde til utbyggjaren. Avtalen mellom kommunen og grunneigarane er ikkje endra. Dermed har Sogndal kommune framleis ansvar for at gjerdet kjem på plass i samsvar med dei tinglyste avtalane frå 1986. I brev frå Sogndal kommune av 18.5.2007, presiserer brann- og bygningssjef Einar Nedrelo at det er naudsynt med hjortegjerde etter kvart som utbygginga vert utført, og han ber utbyggjaren syte for dette. |
||||||||||||||||
Den 5.12.2009 ser det ut til at Einar Nedrelo har fått pålegg om å gløyme kva han skreiv to og eit halvt år tidlegare. No tolkar han avtalen frå 1986 på nytt og konkluderer med at utbyggjaren ikkje skal setje opp gjerde. Han er klar over at utbyggjaren har fjerna det gjerdet som Sogndal kommune sette opp i 1992. Brevet er underteikan av rådmann Jostein Aanestad. | ||||||||||||||||
Når ein innbyggjar skriv brev til
Sogndal kommune, kan det ta over eit halvt år før han
får svar.
Brevet frå advokatfirmaet Harris til Sogndal kommune av 17.11.2008, inneheld hovudpunkta i dei fire breva i tabellen ovanfor. Kommunen gav førebels svar før det gjekk tre veker og endeleg svar den 10.12.2008.
|
||||||||||||||||
Brev til grunneigar Sogndal kommune svarte sju månader etter at det vart stilt spørsmål om planar og framdrift. Då svaret endeleg kom, var arbeidet kome så langt at det var for seint å endre planane. Dermed vart utbygginga gjennomført etter ei svært dårleg og unødvendig kostbar løysing. Det kan godt tenkjast at planane var "tilgjengelege på kommunen", men kvifor venta kommunen i sju månader med å informere om dette? Brevet frå kommunen gjev ikkje skikkeleg svar på spørsmåla, men bortforklarar og legg delvis skulda på utbyggjaren. Kommunen unngår å kommentere spørsmålet om at utbygginga blir gjennomført i strid med reguleringsføresegnene for Kjørnes III. Dei siste punkta om VA-grøft i skjermsona og skogrydding er direkte feil. Kommunen sin byggjeleiar hadde fått påvist eigedomsgrensa, og han var klar over at VA-grøfta var plassert i den regulerte skjermsona lenge før han skreiv brevet. VA-grøfta medførte store terrenginngrep og vart plassert så høgt at mange av tomtene på nedsida av hovudvegen ikkje får avlaup frå kjellaretasjen. Dette er ein planleggingstabbe som kommunen sin byggjeleiar burde ha oppdaga langt tidlegare dersom han hadde teke brevet av 8.01.2008 alvorleg. Boring gjennom fjellknausen mot vest, vart utført for å dekkje over tabben. For å få på plass boreutstyret, måtte det ryddast ekstra mykje skog for å utvide grøfta til 5 meter breidde. Dette forsterka inngrepet i terrenget! |
||||||||||||||||
Brev til advokat Då Sogndal kommune fekk servert dei same spørsmåla på nytt frå eit advokatfirma, valde kommunen å svare med to sider, men framleis utan å innrømme at kommunen har gjort noko feil eller forsømt oppgåva si med å kontrollere at utbyggjaren følgjer reguleringsplanen. Brevet til grunneigaren vart underteikna av Einar Nedrelo (tenesteleiar plan). I brevet til advokaten er Nedrolo degradert til sakshandsamar, og brevet er underteikna av rådmann Jostein Aanestad. |
||||||||||||||||
Under arbeidet med VA-grøfta har Sogndal kommune brote reguleringsføresegnene og gjort skade på eigedomen på nedsida av feltet. Det er sjølvsagt ikkje semje om inngrepet slik kommune framstiller det i brevet til advokatfirmaet Harris. Sjå orientering om arbeidet her: VA-grøft og Miljøkriminalitet | ||||||||||||||||
Etter at vasskjelda vart kraftig ureina av anleggsarbeidet til Sogndal kommune, tok grunneigaren kontakt med ordføraren for å få ordna med ei reserveløysing. Han var på reise og kunne ikkje gjere noko. Rådmannen og staben hans kunne heller ikkje hjelpe. Men etter kontakt med varaordføraren, kom det endeleg fart i sakene, og ei provisorisk tilkopling til det kommunale vassverket kom på plass tre døgn etter at vasskjelda var øydelagd. | ||||||||||||||||
Rådmannen avviser alle krav og nektar å betale grunneigaren sine advokatutgifter. Saka er ikkje avslutta. |