Utbygging av Kjørnes III i Sogndal kommune
Rev. 14.11.2009 | 3. Vatn og avlaup |
1. Reguleringsplanar
og grunnavståing 2. Sal av Kjørnes III 4. Manglande sikring 5. Miljøkriminalitet 6. Hjortegjerde 7. Ulovleg vegbygging |
Bakgrunn
Ved forhandlingane om grunnavståing i 1986,
vart det avtalt at dei tidlegare grunneigarane skulle ha rett til
å kople seg inn på det nye avlaupsanlegget frå bustadfeltet
på Kjørnes. I VA-planen til Vikane AS vart grøfta plassert så
høgt i terrenget at det ville bli vanskeleg for kommunen å
oppfylle dette punktet i avtalen. Det viste seg snart at
VA-planen var lite gjennomtenkt og medførte store kostnader på
grunn av svært djupe grøfter og boring gjennom ein fjellrygg.
VA-planen tok ikkje omsyn til dei spesielle terrengformasjonane,
og planleggjaren gløymde at ei VA-grøft må leggjast med fall
for å fungere! Den naturlege VA-traseen frå 1986 går gjennom
jordbruksarealet på nedsida av eksisterande bustadhus. Sogndal
kommune overtok ansvaret for prosjektering og bygging av
VA-anlegget i mai 2008, men oppdaga for seint at VA-planen ville
få store negative konsekvensar.
Sogndal kommune fekk brev med
kommentar og spørsmål til VA-nettet den 8. januar 2008. Sogndal kommune svarte ikkje på dette brevet.
På biletet til venstre ser vi at avlaupsrøret ligg to meter over kjellargolvet. Her blir husbyggjaren tvinga til å installere pumpeanlegg og må betale dyrt for tabbane til udugelege amatørar. |
||||||||
Hovudgrøfta gjennom feltet vart
plassert på ein markert rygg i terrenget. Utbyggjaren
kunne ha unngått det meste av sprengingsarbeidet dersom
han hadde teke mot råd frå fagfolk og plassert grøfta
i den planlagde gangvegen som ligg i søkket til høgre
for dette biletet.
I det bratte terrenget vart skogen rydda i 25 meters breidde for at entreprenøren skulle kome fram med tungt utstyr til boring og graving. |
||||||||
§2.13 i
reguleringsføresegnene:
|
||||||||
Sogndal kommune overtok ansvaret for
prosjektering og bygging av VA-anlegget i mai 2008. I
punkt 5 i avtalen mellom kommunen og Vikane AS står det:
Kommunen valde likevel å fullføre grøfta etter den planen som utbyggjaren hadde laga.
Sjå artikkel i Sogn Avis om eit langt mindre terrenginngrep ved Eidsfjorden! |
||||||||
Det ser ikkje ut til at kommunen sin
sakshandsamar i F-sak nr. 38/08 hugsar kva han skreiv i 2008:
|
||
Den 15. mai 2008 godkjende Sogndal
formannskap avtalen med Vikane AS, og kontrakten for
bygging av VA-anlegget vart tiltransportert Sogndal
kommune. Sjå punkt 7 i utbyggingsavtalen. |
||
Dei fleste forstår at denne sida
inneheld svært kritiske merknader til kommunen si utbygging av VA-anlegget i
Kjørnes III. Kommunen har konsekvent valt å oversjå all kritikk! |
||
Denne E-posten vart ikkje journalført av Sogndal kommune. | ||
Den 9. november 2009 starta kommunen
arbeidet med planering av terrenget i skjermsona. Detaljplanen for istandsetjing og planting er ikkje ferdig. |
|
Den 14. november 2009 stod det igjen
to opne kummar på VA-anlegget. Det er to månader etter at kommunen gav klarsignal til å ta kloakkledningen i bruk! |