Utbygging av Kjørnes III i Sogndal kommune
5. Miljøkriminalitet |
|
1. Reguleringsplanar
og grunnavståing 2. Sal av Kjørnes III 3. Vatn og avlaup 4. Manglande sikring 6. Hjortegjerde 7. Ulovleg vegbygging |
Bakgrunn
I brev av 18. mai 2008 fekk Sogndal kommune informasjon om at det var stor fare for ureing av fleire grunnvassbrønnar like nedanfor bustadfeltet. Det vart også stilt spørsmål ved avlaup frå tomtene på nedsida av hovudvegen fordi VA-grøfta var plassert altfor høgt i terrenget.
Sogndal kommune svarte ikkje på dette brevet. |
|
|||||||
Ulovleg inngrep i skjermsona VA-planen til Vikane AS viste eit ulovleg inngrep i den regulerte skjermsona. Det vart ikkje søkt om dispensasjon frå reguleringsplanen. Rydding av skogen starta den 30.6.2008. Ordføraren i Sogndal fekk straks brev med krav om å stanse det ulovlege arbeidet. Sjå brev av 30.06.2008 som vart levert i skranken på kommunehuset med lovnad om at brevet skulle leverast til ordføraren personleg. Det lukkast ikkje å kome i kontakt med ordføraren fordi han sat oppteken i eit viktig møte med Hodlekve skisenter.
|
||||||||
Dette kartutsnittet vart sendt frå
kommunen sin planleggjar i E-post 3.3.2008. Terrenginngrep eller grøftedjupn er ikkje vist. Grøfta som er merka med OV11, var planlagt fram til eit samlebasseng utan avlaup. Dette ville ha øydelagt fleire grunnvassbrønnar i fjell på nedsida av feltet. Grøfta mellom kum 6 og 7 ligg midt i den regulerte skjermsona. Sjå reguleringsplanen! |
||||||||
Planleggjaren sende dette utsnittet av
den justerte VA-planen på E-post den 22. mai 2008.
Samlebassenget er fjerna og erstatta av OV160 mot vest.
Kum nr. 6 er flytt 5 m austover og ligg midt i
skjermsona. Grøfta frå øvre del av feltet, er plassert midt ned etter den markerte fjellryggen, i staden for å følgje den naturlege traseen ned søkket i foten av vegskråninga. Resultatet vart eit svært skjemmande og unødvendig terrenginngrep. Sjå bilete her! I brev av 20.08.2008 avviste Sogndal kommune all kritikk og la skulda på utbyggjaren sjølv om punkt 5 i utbyggingsavtalen viser at det er Sogndal kommune som er byggherre for VA-anlegget. |
||||||||
Brevet frå Sogndal kommune av 20.08.2008: |
I den siste linja i avsnittet om
VA-planen, påstår Sogndal kommune at
Dette vart skrive to veker etter at all skogen i skjermsona var fjerna! Gravinga i skjermsona starta den 9.08.2008. |
|||||||
Møteprotokollen til Forvaltningsutvalet
28.08.2008: |
Ved bortforklaring av fakta og ved å
la vere å svare på kritiske spørsmål, har Sogndal
kommune klart å gjennomføre utbygginga i strid med sin
eigen reguleringsplan. Sjå brev til
Forvaltningsutvalet som vart
sendt på E-post før møte den 28. august 2008. Innhaldet i rådmannen si orientering er ikkje offentleggjort. Forvaltningsutvalet må ha slege seg til ro med at når det er avvik mellom kart og terreng, så er det terrenget som er feil! |
|||||||
Den 28.08.2008 tok Sogndal kommune ein
pause i arbeidet med VA-grøfta. I nedre enden av grøfta
stod det igjen ein fjellterskel som demde opp eit
slambasseng på over ti tusen liter. Det fine
nitrathaldige slammet frå grøftesprenginga trengde
etter kvart ned i grunnvassmagasinet. Sogndal kommune kunne enkelt ha redusert faren for akutt ureining ved å tappe ned slambassenget, men kommunen sin byggjeleiar valde å oversjå kravet i Forurensningsloven § 7. (plikt til å unngå forurensning) Var dette berre kommunal kunnskapsløyse, eller prøvde Sogndal kommune å øydeleggje grunnvasskjelda med vilje? |
||||||||
Om kvelden den 2.09.2008 registrerte
brukarane kraftig sprengstoff-lukt av vatnet. Dagen etter
vart vatnet analysert av Sogn lab. med resultat som vist
til venstre.
Det tok tre dagar før kommunen greidde å ordne med provisorisk vassforsyning. |
||||||||
Ulovleg sprenging i skjermsona Journalen til Sogndal kommune viser at ordføraren leverte brevet av 30.06.2008 tilbake til ekspedisjonen same dagen som han fekk det. Journalen vart endra slik at det ser ut som brevet er levert til Arvid Haukereid.
Den 6.9.2008 heldt det ulovlege arbeidet i skjermsona fram med sprenging av VA-grøfta. Skjermsona strekkjer seg ca. 10 m mot høgre frå eigedomsgrensa som er markert med ei snor til venstre på dette biletet. |
||||||||
Når Sogndal kommune har planlagt ei
fem meter brei og sju meter djup grøft kloss i
eigedomsgrensa, kan ikkje skytebasen lastast for at ein
del stein hamna på feil side av grensa! Her er det meste av steinen køyrt bort og det ligg igjen eit ope krater eit år etter at sprengingsarbeidet vart avslutta. Sogndal kommune har ikkje varsla grunneigaren eller gjort lovleg vedtak etter Pbl § 101. Tiltak på nabogrunn Sogndal kommune har ikkje søkt om dispensasjon frå reguleringsplanen for å utføre arbeid i skjermsona. Sogndal kommune har heller ikkje lagt fram planar for reetablering av skjermsona. |
||||||||
3. - 11. november 2008: Etter at det meste av slammet frå sprenginga var borte, vart grunnvatnet utsett for kraftig oljesøl under boring gjennom fjellryggen. Sogndal kommune stilte ingen spesielle krav til utbyggjaren for å unngå ureining av det store grunnvassmagasinet på Kjørnes. |
||||||||
Forurensningsloven § 78. (straffansvar
for forurensning)
Sjå artikkel i Sogn Avis om eit langt mindre terrenginngrep ved Eidsfjorden.
Etter nesten eit års tenkjepause, ønskjer Sogndal kommune å fullføre arbeidet med VA-grøfta. |