Utbygging av Kjørnes III i Sogndal kommune
1. Reguleringsplanar og grunnavståing |
|
2. Sal av
Kjørnes III 3. Vatn og avlaup 4. Manglande sikring 5. Miljøkriminalitet 6. Hjortegjerde 7. Ulovleg vegbygging |
Reguleringsplan for Kjørnes II og III i 1983
Reguleringsplanen for Kjørnesfeltet vart godkjend av Sogndal kommunestyre 19.12.1983 og stadfesta av Fylkesmannen den 2.10.1984. Eit utsnitt av planen er vist nedanfor.
I §4 i reguleringsføresegnene vart det m.a. stilt krav om landskapsplanar:
For kvart felt skal det utarbeidast landskapsplan, der m.a. skøtsel av eksisterande vegetasjon samt nyplanting skal omhandlast. Dertil skal ein vise massedisponeringa innafor feltet. Landskapsmessig er områda mellom byggelinene og formålsgrensa som regel ein del av skjermsonene, og trea/vegetasjonen må handsamast på ein måte som ikkje øydelegg desse. (Sjå del 2 landskapsanalysen) |
Skjermsonene er markerte med ein mørk gråfarge på planutsnittet ovanfor. Byggelinene er viste med stipling rundt kvart felt. Minste breidda på normal skjermsone mellom byggjeline i felt R og jordbruksaral AE er om lag 10 meter.
Avtale om grunnavståing i 1986
Den 8. juli 1986 inngjekk Sogndal kommune avtale om grunnavståing. Avtalen er basert på den godkjende reguleringsplanen for Kjørnes II og III frå 1983 med ei lita grensejustering slik at garasjen ved veg 15 blir liggjande innafor felt AE.
Avtalen inneheld m.a. detaljerte krav til Sogndal kommune om
Revisjon av reguleringsplan for Kjørnes III i 1997
Reguleringsplanen for Kjørnes III vart vedteken av Sogndal kommunestyre den 30.01.1997. Føremålet med endringa var å føre køyrevegen heilt ned til badeplassen i Vikane for å redusere trafikken på gamlevegen forbi Kjørnes camping. Reguleringsføresegnene vart endra, men stiller framleis fleire strenge krav til utbyggjaren som m.a.
|
Veg til badeplassen i Vikane
Reguleringsplanen viser ein køyrbar gangveg ned til badeplassen i Vikane. I samband med sal av Kjørnes III, gløymde Sogndal kommune å stille krav om at denne vegen skal fullførast. Det går heller ikkje fram av kontrakten at utbyggjaren har forplikta seg til å byggje denne vegen. Etter to års byggjetid, manglar framleis den siste delen av gangvegen nærast badeplassen.