Turen til Hinnotefjellet 4.08.2004

Foto 1:  Hinnotefjellet ligg sørvest for Vestre Memurubrean.  Memurubu og Gjende i framgrunnen.
Biletet er teke frå Bukkehamaren sør for Gjende.

Hinnotefjellet ligg sentralt plassert i Jotunheimen, men om sommaren er dette likevel ein av dei mest utilgjengelege  toppane over 2000 m fordi fjellet ligg så langt unna turisthyttene og dei mest populære turistrutene. Frå nord kan ein velje mellom ei lang og litt kjedeleg brevandring eller slite seg fram over Heilstugutindane som ligg på rad og rekkje på den smal ryggen vest for Heilstugubreen og Vestre Memurubreen. Frå sør kan ein å ta omvegen innom Hinnotefjellet på tur mellom Memurubu og Gjendebu, men dette blir også ein dryg dagstur.

Etter ein grundig studie av kartet har eg valt Spiterstulen som start og endepunkt for ein privat ekspedisjon til topps. For å gjere det lettare å fullføre med stil, tjuvstartar eg om kvelden og slær opp teltet like ved Leirgrovi, eit par kilometer inne i Visdalen. Her vaknar eg til ein herleg sommardag og pakkar sekken på lettaste måte. Men heldigvis sjekkar eg kartet ein gong til og forstår at dette kan bli ein lang dag. Dermed fyller eg opp sekken med litt ekstra klatreutstyr og meir proviant. Klokka 07.45 er eg endeleg klar til oppvarmingsetappen oppover ryggen mot høgde 1353.

08.35 Høgde 1353
Etter 50 minutt lett motbakke, er det tid for ein velfortent pause for å sjå seg tilbake. Sola har snart nådd ned til dalbotnen, og den breie opptrakka stien frå Spiterstulen til Leirvassbu og Gjendebu kjem tydeleg fram i terrenget. Små grupper av fjellvandrarar er på veg innover Visdalen. Snart får dei utsikt vestover mot Kyrkja, eit flott pyramidefjell på 2032 m som er ein av dei lettaste 2000-meter-toppane i dette området. Eit par timars tur frå parkeringsplassen ved Leirvassbu skulle vere overkomeleg for dei fleste. Utsikten frå toppen er verkeleg bra!

Foto 2: Utsikt vestover Visdalen. Frå venstre: Store Urdadalstinden, Visbretinden og Kyrkja

Eg legg også merke til at det står fleire telt nede ved elva, og ei gruppe på 4-5 personar er på veg oppover ryggen mot meg. Meir skal det ikkje til før konkurranseinstinktet er vekt, her gjeld det å halde tempoet oppe og ikkje la nokon tru at dei skal greie å ta meg igjen!

No går det lett oppover ryggen mot den nordlegaste toppen på Heilstuguryggen. Underlaget er fastare enn i starten og framdrifta blir dermed betre sjølv om det litt brattare. Ved å gå litt i siksak er det enkelt å unngå klatring og skumle svaberg.

09.45 Heilstuguhøi, 2072 m
Etter to timars vandring kan eg krysse av for dagens fyrste 2000-topp sjølv om det kan stillast spørsmål om dette er eit sjølvstendig fjell. Det er knapt 30 m nedoverbakke før neste oppstigning vidare sørover mot Heilstugutindane.

Foto 3: Utsikt nordover mot Svellnosbreen med Galdhøpiggen i bakgrunnen

Den vesle breen på nordsida av Nordre Heilstugutinden er nesten fri for snø og på blåisen ligg det tett med uappetitteleg reinsdyrlort. Dermed droppar eg den planlagde etterfyllinga av vatn og innser at det kan bli lenge til neste drikkepause! At eg aldri lærer! Etter nok ein snøfattig vinter burde eg ha tenkt på dette og teke med eit par liter ekstra vatn i sekken, men det er det for seint å angre på no.

Foto 4: Utsikt mot Bukkeholstindane

10.30 Nørdre Heilstugutinden, 2218 m
Etter ein kort matpause i solsteiken, går det lett nedover ryggen. Her tek eg med to mellomtoppar og registrerer eit merkeleg naturfenomen: Eit kjempekrater midt i fjellryggen. Den som ramlar ned der, kjem seg neppe opp igjen med eiga hjelp. Det er heldigvis ingen minnestein ved sida av krateret slik som ved stien til den populære 2000 m-toppen Gingilos på Kreta. Der skal det vere to turistar som har mist livet hittil, noko som er med på å gjere turen ekstra populær for utanlandske fjellvandrarar!

Foto 5: Utsikt  vestover frå Nørdre. Frå venstre ser vi Høgvagltindane, Urdadalstindane, Kyrkja (med Hurrungane i bakgrunnen), Storebjørn og Smørstabbtindane  (Tverrbytthornet  og Tverrbotntindane i framgrunnen)

10.45 Nest Nørdre, 2176 m
Denne toppen er  avmerkt på kartet, men minner mest om ei steinrøys midt på ryggen. Mykje laus stein vitnar om at toppen ikkje er mellom dei mest besøkte. Eg stussar forresten litt over at her er så lite folk å sjå i dette fantastiske veret. Kvifor føretrekkjer dei fleste køvandringa til Spiterstulen og Svellnosbreen når her er så mange andre alternativ som gjev langt større naturopplevingar?

12.10 Midtre Heilstugutinden, 2339

 

 Foto 6: Midtre sett frå Nørdre. Søre Heilstugutinden i bakgrunnen til høgre.

 

 Foto 7: Toppvarden på Midtre Heilstugutinden. Store Heilstugutinden til høgre.
I bakgrunnen skimtar vi Hinnotefjellet, berre 4 km unna i luftlinje!

Forfølgjarane mine har eg ikkje sett mykje til, men akkurat i det eg når toppen av Midtre Heilstugutinden, dukkar det opp 4 personar på Nørdre. Dei legg nok merke til at det trekkjer nokre mørke skyer nordover frå Gjende og snur snart tilbake same vegen som dei kom.

Begge vassflaskene mine er tome, og kartet viser at det ligg mange kilometer med tørre fjellryggar framfor meg. Dermed er det ingen veg utanom, eg må ta ein snartur ned på breen som ligg 250 m under toppen. Men der nede ligg det to små ryggar som også står på dei fleste listene over 2000-toppar og dermed ligg alt ligg vel til rette for å kombinere vassfylling med to ekstra toppar i samlinga!

12.50 Søre Heilstugubreahesten, 2120 m
Ryggen ned frå Midtre Heilstugutinden er kvass og bratt, men ved å gå litt ned i sørveggen er det ingen problem å ta seg ned utan sikring.

Nede ved breen har NVE bygd ei lita målehytte som er sikra med fleire solide hengjelåsar. Ein kunne mest tru at det var gullet i Norges Bank som var lagra her. Eg legg frå meg sekken ved hytteveggen og joggar oppom toppunktet og deretter nordover mot Nørdre Heilstugubreahesten. Det ligg litt snø på breen, men det går likevel lett unna heilt til eg kjem til eit brattare parti omtrent halvvegs. Her skin blåisen igjennom det tunne snølaget og eg sklir til sides for kvart steg. Særleg risikofylt er det ikkje for breen flatar ut langt der nede, men eg har ikkje tid til aketur i dag. Stegjerna ligg sjølvsagt igjen i sekken så det blir forsiktig sikring med isøks til snødjupna aukar på igjen. Under snølaget er det rikeleg med reint vatn, så dermed er dette problemet løyst for ei stund.

Foto 8: Søre Heilstugubreahesten er ingen imponerande topp frå nordsida.
Til venstre for breen ser vi dei sørlegaste av Vestre Memurutindane.

13.35 Nørdre Heilstugubreahesten, 2136 m
Eg glytter opp på Midtre Heilstugutinden og tenkjer litt på kor dumt det var å gå ned på desse to toppane i dag. No har eg tapt 250 høgdemeter og kasta bort fleire timar. Kanskje må eg avbryte turen utan å nå det etterlengta Hinnotefjellet i dag? Men to nye 2000-toppar gjev snart fornya sjølvtillit og etter å ha sett til livs eit par brødskiver er optimismen tilbake. Eg kan enno nå Hinnotefjellet i løpet av tre timar og kome tilbake til Spiterstulen i god tid til middag.

Foto 9: Store Heilstugutinden ragar 250 m over breplatået ved NVE-hytta.
I bakgrunnen ser vi Nest Søre

Spenninga knyter seg no til austryggen av Store Heilstugutinden. Den ser ikkje spesielt lett ut på avstand, men dei fleste ryggar plar opne seg litt etter kvart som ein nærmar seg. Eg kryssar eit par fotspor på breen like sør for NVE-hytta. Spora har retning mot skardet mellom Store og Midtre og gjev meg ei sterk oppfordring om å ta denne kjende ruta frå nordvest. Men eg her lese at der også skal vere eit par krevjande parti som krev klatring, så eg held fram mot austryggen og håpar å finne ei lett og rask rute mot toppen.

Problema startar knapt 50 meter over breflata. Det er ikkje spesielt bratt, men denne ryggen har fleire bratte svaberg utan avsatsar eller sprekker, men med rikeleg svart lav som blir såpeglatt i regnvêr. Mørke skyer kjem siglande frå sør og like før eg er over verste kneiken, kjenner eg dei fyrste regndropane. Det sluttar å regne etter fem minutt, men skaden er alt skjedd. Det er 100 m ned til breen og ingen grunn til å ta sjansar. Dermed trekkjer eg meg forsiktig tilbake til ei lita hylle som fører meg litt lenger sørover. Her er det endeleg eit lovande sprekkesystem. Eg parkerer sekken på hylla og fester tauet i ei solid steinblokk før eg legg i veg oppover på nytt. Her er det brattare, men tett med gode tak og solide sikringspunkt. Etter ei halv taulengde flatar terrenget ut og eg kan gå trygt ned igjen for å hente sekken.

Foto 10: Utsikt frå Leirhøe. Frå venstre: Nest Søre,  Store og Midtre Heilstugutind med Heilstuguhøi til høgre.

15.45 Store Heilstugutinden, 2345 m
Eg ser på klokka at eg har rota bort over ein time på den vesle oppstigninga, og det ligg enno igjen eit par 2000-toppar mellom meg og det endelege målet for dagen. Eg tek til å tvile på om det blir middag på Spiterstulen. Kanskje bør eg heller satse på Memurubu eller Gjendebu? Eg ser bortover mot Sutningssui på austsida av Memurudalen, og meiner å hugse noko om 5 timar opp og 3 timar ned. Rett nok er eg litt lengre vest akkurat no, men det høgste punktet på turen er passert og det er ingen grunn til negative tankar!

16.35 Nest søre Heilstugutinden, 2255 m
Sørover frå Store er det ingen nye hindringar. Dette er hovudvegen over Heilstuguryggen med opptrakka sti som viser at hundrevis av toppsamlarar har gått her tidlegare. 200 m ned i skardet og så berre 100 m stigning igjen før eg kan krysse av ein ny 2000-metring!

Foto 11: Frå Høgdebrotet 2226 m. Hinnotefjellet til venstre med toppen av Søre Heilstugutinden rett bak. Vidare mot høgre: Nest Søre, Store, Midtre, Søre Heilstugubreahesten. Vestre Memurutindane ligg til høgre for breen.

17.15 Søre Heilstugutinden, 2180 m
Eit nytt skard med litt bratt nedstigning og så 100 m lett motbakke før neste 2000 m-topp. Her går det unna! Eg studerer kartet og ser på den alternative returen ned sørvestryggen til Semelholet og Urdadalen og finn ut at eg treng tre timar tilbake til Spiterstulen. I dag er det sjølvsagt ikkje aktuelt, det er Hinnotefjellet som er turmål og no ligg målet nærare enn nokon gong og utan nye hindringar. Eg pakkar ned kartet og set kursen mot søraust.

Foto 12: Heilstugutindane sett frå Søre. Frå venstre: Midtre, Store og Nest Søre

18.20 Hinnotefjellet, 2114 m
Endeleg står eg på toppen av det mystiske Hinnotefjellet, rett nok eit par timar seinare enn planlagt. Kven skulle ha trudd at denne turen skulle ta ti timar? Eg tenkjer tilbake på dei lange matpausane tidlegare på dagen, men no er det for seint å angre. No gjeld det berre å finne den raskaste vegen tilbake eller kanskje vidare framover?

På turen over Heilstugutindane har eg sett over breen mot Vestre Memurutindane og grubla på om det kan vere eit brukbart alternativ for returen. Kartet viser at det ikkje treng bli særleg lengre enn ruta via Urdadalen. Retur rett nordover Vestre Memurubreen og Heilstugubreen er uaktuelt. I vinterhalvåret må det vere eit flott alternativ med slak utforkøyring heile vegen, men no er snøen er blaut og tung å gå i og dekkjer truleg ein del skumle sprekker. Sørenden av breen er derimot enkel. Her er det fullstendig fritt for snø og ingen fare for å ramle ned i usynlege sprekker.

Turen går skrått nedover breen og etter ein knapp time er eg framme ved ein morenerygg på kote 1700 m rett under den sørlegaste av Vestre Memurutindane. Det er svært laust i starten og ingen ferske fotspor, denne ruta er nok ikkje så mykje brukt. Det går seint oppover og med mange drikkepausar. Eg ser over mot Surtningssui og kan ikkje unngå å tenkje  på at dei som var der tidlegare på dagen, sit på Memurubu og kosar seg med middag. Men grovbrød med honning og eit par kvikklunsj til dessert får klare seg i dag. Var det ikkje ein eller annan gresk tulling i fjernsynet som påstod at ein blir feite av brød? Han bør kanskje ta denne turen og teste om teorien stemmer? Eit heilt brød har gått med i løpet av dagen, men noko energioverskot kan eg ikkje akkurat skryte av.

Ruta mi går via det vesle skardet med ein liten bekk aust for topp 2049. Her er det greitt å ta seg fram, men eg blir litt for ivrig og svingar for tidleg ut på ryggen og ser plutseleg rett ned på breen 300 m under meg. Dermed blir det ein del luftig klatring, men med ein fantastisk utsikt mot det skiftande lyset frå vest.

20.40 Vestre Memurutind nr. 6, 2049 m

Foto 13: Vestover Vestre Memurubrean mot Hinnotefjellet. og Semeltind i bakgrunnen til høgre

21.10 Vestre Memurutind nr. 5, 2140 m
Det blir etter kvar lettare å gå, men det er bratt oppover og det merkast at all oppsamla energi i lårmusklane er oppbrend. No går det på viljestyrke og gamle feittreservar! Det er kort mellom 2000-metertoppane på denne sida av breen og ingen spesielt djupe skard, men det går mot kveld og skydekket tetnar til rundt toppane på vestsida av dalen. Eg angrar litt på at GPS-målaren ligg igjen i teltet!

Foto 14: Nordover Vestre Memurutindane.  I bakgrunnen til venstre ligg Store Heilstugutinden, ikkje så  langt unna i luftlinje, men det tok meg likevel 5 timar!

22.00 Vestre Memurutind nr. 4, 2230 m
Eg ser på klokka og forstår at dette går altfor seint. Det er slett ikkje bratt eller tungt å gå, men likevel blir det få kilometer per time. Kan det hjelpe med to kvikklunsj og litt vatn?

22.28 Vestre Memurutind nr. 3, 2243 m
Turen nordover Vestre Memurutindane er ikkje mykje å skrive heim om. Skodda kjem drivande i store dottar og krev full konsentrasjon for å halde ei stabil retning. På toppane er sikten mindre enn 10 meter, men på mellomstrekningane får eg eitt og anna glimt ned på breen og over mot dei svære pyramidane på vestsida der toppane forsvinn inn i skyene.

Det eg trudde var siste toppen for dagen, gjev meg eit uventa problem: Vegen er blokkert av eit loddrett stup som blir borte i skodda. Eg studerer kartet og leitar etter 20-meterskotane som eg må ha oversett. Det er ikkje mange av dei, men nok til ein kort rapell, men kvar? Eg finn ingen gamle rapellfeste langs kanten av stupet, og har ikkje lyst å prøve ut ei ny rute akkurat no. I skodda er det umogleg å sjå om tauet rekk heilt ned og eg har høyrt skrekkhistorier om uheldige klatrarar som har enda opp som levande pendel fordi tauet vart litt for kort. Andre har gløymt å lage knute i enden av tauet og fått ei rask og brutal avslutning på sin siste rapell!. Konklusjonen er altså at tauet bør bli liggjande i sekken. Valet står mellom overnatting, retur eller vidare leiting etter det som må vere ein farbar veg vidare nordover.  Når det ikkje er spor etter rapellfeste langs kanten, må det bety at det finst ei nokså enkel rute ned ein eller annan plass for sjølvsagt har det gått folk både nordover og sørover tidlegare i år.

Eit svakt vindpust får skodda til å løfte seg nok til at eg får eit glimt av Austre Memurubreen nesten 100 m under meg. Men eg får også eit glimt nordover som viser at veggen slett ikkje er så skummel likevel. Eit par hyller går skrått nedover mot noko som kan vere flatare terreng. Det er ikkje lett å vurdere avstanden i skodda, men risikoen er liten og snart står eg nede i skardet knapt 30 meter under toppen.

22.40 Vestre Memurutind nr. 2, 2238 m
Etter eit par minutt opp frå skardet står eg på den absolutt siste 2000-meteren for i dag. Eg veit at det er berre 600 m nordover til neste topp, men den får vente til ein annan gong, for no er skodda like tett igjen og det mørknar fort. Dermed går turen nedover i lett terreng og stykkevis i fast snø til eg kjem under kanten av skodda og får fri sikt nedover mot Heilstugubreen.  Nedstigninga mot breen er bratt med mykje laus stein. Eg legg merke til ei svær blokk som balanserer på høgkant og prøver forsiktig med tåa. Like etterpå dundrar blokka på fleire tonn nedover mot breen og riv med seg eit lite ras. Heile dalsida ligg i rasvinkel og nede på breen ligg det hundrevis av steinblokker frå før. På slike plassar bør ein helst gå åleine eller i det minste halde god avstand til turkameratane.

Eg når ned til breen før det blir skikkeleg mørkt. Her blir det lettare å gå. Den kvite flata reflekterer det svake lyset frå skyene og steinane på overflata gjev god kontrast. Det gjer også sprekkene som skjer seg gjennom breisen, dei fleste på tvers. Med stegjern og isøks er det ingen problem å ta seg fram i dag, men når det ligg snø på breen, må sprekkene takast på alvor.

Klokka passerer midnatt, utan at det blir særleg mørkare. I skydekket går det ei lys stripe mot nord og viser retninga mot sola. Det er det næraste ein kjem midnattssol sør for polarsirkelen. Snart når eg enden av bretunga og kjem inn i eit morenelandskap av grus og stein. No blir det straks mørkare og eg må konsentrere meg for å greie å følgje den svakt opptrakka stien langs Heilstuguåe. Dermed går det ein time til før eg når tilbake til teltet. Passeleg sliten, men elles godt fornøgd med ein fantastisk topptur.

Nokre gode råd til dei som får lyst til å ta denne turen:

Start ein time tidlegare enn du har planlagt for å ha litt å gå på!

Ta med rikeleg mat og vatn!

Hugs lykt og batteri i tilfelle det skulle bli seint!

Ta kortare pausar tidleg på dagen!

Kutt ut dei to breahestane dersom du ligg etter rutetidene mine!

Og skulle du få ein halv time til overs, kan du svinge innom Vestre 2280 m og Store Memurutinden på til baketuren!

Utstyr:

Tau og lett klatreutstyr

Stegjern og isøks

Velkommen til Bergtatt


God tur!

Heim