Sal av tomatar i Sogndal kommune

Firmaet Notar har annonsert

tomatar til sals i Vikane!

Garden Vikane ligg eit godt

stykke aust for dette biletet.

I Vikane dyrkar dei frukt, men

dei har ingen tomatar til sals!

Firmaet Notar nektar å rette

feil i annonseteksten og påstår

at det er lovleg å drive med

villeiande marknadsføring!

 

I denne annonsen på Internett den 12.10.2009, er det mange feil som er markerte med raud og blå skrift:

I den fyrste setninga står det at det nye byggjefeltet i Vikane er til sals. Dette er direkte feil. Heile feltet er ikkje til sals, og Notar har ikkje tenkt å selje ei einaste tomt i Vikane.

Tomt er hokjønn og dermed blir det tomter i ubunden form fleirtal. Eit minimum av kunnskap i lesing og skriving er nyttig for den som vil drive med marknadsføring!

Den korte vegen til turterrenget og badeplassen eksisterer berre på plankartet. Sogndal kommune har utsett bygginga av denne vegen.

Dei som ønskjer å sjå dei solrike tomtene i solskinn, må skunde seg. Sola blir borte bak Storehogen i 16 veker frå oktober til slutten av februar. Men "solrike tomter" er nok lettare å selje enn tomtene i skuggen bak Storehogen!

   
"Me nyttar navnet Vikane fordi eg og fleire assosierer bustadfeltet med Vikane og ikkje Kjørnes 3.
Dette vil vi sjølsagt undersøke med vår advokat.
Me vil halde fram med denne markedsføringen intil me får beskjed fra juridiske hald att dette ikkje er lov.
Ha ein fin dag i høstsola!"
Den 13.10.2009 fekk Notar melding om fleire grove feil i annonseteksten saman med ei sterk oppmoding om å slutte å annonsere for tomter i Vikane. Til venstre ser du svaret på barnsleg og klønete norsk: Notar vil drive med villeiande reklame så lenge juristen ikkje grip inn!
   
Den daglege leiaren av Sogndalskontoret til Notar slit med alvorlege vrangførestellingar om geografien i Sogndal.

Men denne saka handlar om meir enn berre misvisande reklame for å tene pengar på ei badestrand og ei sol som ikkje er akkurat der seljaren påstår.

Saka handlar fyrst og fremst om manglande respekt for innarbeidde norske stadnamn, gardsnamn og familienamn som har utvikla seg gjennom mange generasjonar.

Det er synd at ein arrogant og kunnskapslaus seljar ikkje forstår og respekterer dette. Men for å flytte Vikane til Kjørnes, trengst det nok meir enn assosiasjonar frå ein utspekulert seljar med eigen advokat!

   
Sparebanken Sogn og Fjordane annonserte for kort tid sidan eit hus til sals på Kjørnes, 3,5 km frå Sogndal sentrum.

I ei ny annonseserie på Firda.no! og Finn.no! har sparebanken plassert det nye feltet 5 km frå sentrum.

BoligPartner har det same huset til sals med kort avstand til Sogndal sentrum.

Notar er ikkje lenger fullt så sikre på at Kjørnes ligg i Vikane. Sjå annonse frå 14.10.2009 nedanfor!

   

Tomatane som låg i Vikane 12. oktober, kom til Nedre Kjørnes ut på dagen den 13. oktober og enda turen i nærleiken av Vikane ut på ettermiddagen den same dagen.

Sjekk om tomatane trillar vidare her!

rev. 16.10.2009

Tilbake