Topptur ved Olavsbu, 26. - 28. juni 2009 Kart:
Rauddalstindane
Mjølkedalstinden - Snøholstinden - Rauddalseggje
Skarddalstinden - Skarddalseggje
Dagen startar med ein flott tur over Sognefjellet, utan tvil den finaste fjellovergangen i Nord-Europa! Det er stor aktivitet i skiløypene ved Sognefjellshytta, men eg har avslutta skisesongen og er på veg til min fyrste topptur til fots i år. Meteorologane har lova godt ver i tre dagar framover, og det er på tide å sanke inn toppane rundt Olavsbu. Ved Leirvassbu er det strålande solskin og varmt i lufta sjølv om snøen ligg heilt inntil parkeringsplassen. Snøen er fast og fin i starten, men i langt større mengder enn eg hadde venta. Eg skulle nok ha strekt ut skisesongen eit par veker til og fått ein lettare tur nedover Gravdalen. Snart dukkar Vestre Rauddalstinden fram bak Høgvaglhøi. Anleggsvegen kjem til syne ved høgde 1254 m, og eg kan spasere trygt over brua og ta til på dei seige motbakkane. Etter to timar har eg tapt 200 høgdemeter frå utgangspunktet og har 850 m stigning igjen opp til den fyrste toppen. Ruta mi går rett opp bakkane mot den vestre fortoppen til høgre på biletet nedanfor, men dei siste hundre meterane blir uvanleg tunge. Etter å ha trakka gjennom den blaute snøen til langt over kneet fleire gonger, må eg innsjå at det hadde vore fornuftig med ei skrå rute mot vest opp på den snøfrie ryggen ved 1630 m.
Men alt slitet er gløymt i det eg når den vestre fortoppen på ca. 1920 m, og tek ein velfortent matpause i det vesle skardet 50 m før den siste tunge bakken opp til Vestre. Store Rauddalstinden ligg snøkledd rett i mot, og i bakgrunnen dukkar Stølsnostinden og Mjølkedalstinden fram med skiføre nesten heilt til topps. Ski hadde sjølvsagt gjort livet lettare i dag, men eg vart litt lurt av opplysningar om snømangel i fjellet i år! Men med dette veret har eg lite å klage over, kven har ilt av å slite litt ekstra av og til? Det er langt mellom toppane i denne delen av Jotunheimen og ein fantastisk utsikt. Storebjørn ber namnet sitt med rette frå denne sida. På biletet nedanfor ser vi ryggen vestover mot Skeie og skimtar toppen av Store Smørstabbtinden mellom Veslebjørn og Storebjørn. Til høgre for Storebjørn skimtar vi så vidt toppen av Sokse. Alle desse er flotte skitoppar med Krossbu som utgangspunkt frå påske til langt ut på sommaren.
I vest er det framleis vinterlandskap i bakkane oppetter mot Gjertvasstinden og Hurrungane. Det er neppe kø over Styggedalsryggen, men i dag hadde det vore ein super tur med 20 varmegrader og nesten vindstille. Den mørke kjegleforma toppen heilt til venstre er Store Austabotntinden, ein luftig og frittliggjande topp med god utsikt. I sør ser vi taggane på Sagi, eit godt namn på den svarte fjellryggen frå denne sida. Avstanden mellom nord- og sørtoppen er så stor at begge bør godskrivast som sjølvstendige 2000 m-toppar sjølv om primærfaktoren mellom sagtennene er litt mindre enn 25 m. Eg kom frå sør for nokre år sidan og hugsar passasjen over til nordtoppen som uvanleg smal og luftig. I bakgrunnen tronar den kvite Urdanostinden. Ryggen til høgre for Sagi har fått det misvisande namnet namnet Slingsbytinden. Dette er absolutt ingen tind, men ein ti minutts omveg på turen mellom Urdanostinden og Sagi. Til høgre ser vi Falketind og Stølsnostinden som derimot er ekte tindar anten ein kjem frå aust, nord eller vest.
Frå toppen av Vestre Rauddalstinden ser vi austover mot dei to andre Rauddalstindane. Austre heilt til venstre og Store midt i mot. Litt over 5 km avstand i luftlinje frå Vestre til Austre og flott skitereng heile vegen! Midt over ryggen ser vi Store Rauddalseggje på 2168 m, ein topp som eg kjem tilbake til mange gonger på denne turen. Frå Vestre er det 150 m ned til skardet mot Store Rauddalstinden og så 250 m oppstigning i djup snø. På toppen er det ferske spor etter to personar med hund. Dei har sett djupe spor etter seg i bakkane nedover på austsida av toppen. Biletet nedanfor er teke frå høgde 1965 m og viser fotspora ned frå toppen.
Frå høgde 1965 m går turen vidare bratt nedover i djup snø til 1680 m før ryggen flatar ut og stig sakte oppover mot Austre Rauddalstinden. Her er det nesten fritt for snø heilt til høgre på ryggen. Skarddalstinden stikk fram til venstre for Austra Rauddalstinden, og til høgre ser vi igjen Store Rauddalseggje og målet for dagen, Olavsbu, langt der nede i den flate Rauddalen. På sørsida av dalen ser vi over mot Mjølkedalstinden. Dette må bli eit perfekt mål for morgondagen! Ryggen frå vest ser ut til å gje ei enkel rute direkte til toppen, og eg bestemmer meg for å leggje igjen klatreutstyret på hytta. Det skulle vise seg at den fyrste hammaren vart tøff nok, men heilt ute i den høgre kanten gjekk det an å ta seg opp etter litt prøving og feiling. Ein annan gong vil eg nok velje den enkle varianten ut i snøen til venstre for hammaren. Etter at den fyrste hammaren er passert, er det ingen store hindringar vidare mot toppen.
Det ligg godt med snø i dalsida opp mot Olavsbunuten (1970 m) og Mjølkedalstinden, og med kikkert kan ein skimte to fotspor, truleg frå forrige helg. Store Rauddalseggje og Snøholstinden er to frittliggjande toppar med fantastisk utsikt. Mellom toppane ser vi Slettmarkkampen og Galdebergtinden.
Det vart ein lang motbakke opp til Austre Rauddalstinden før eg kan ta ein ny lang pause og nyte utsikten til kjende toppar i alle himmelretningane. På biletet nedanfor ser vi nordvestover Simledalen med Store og Vestre Rauddalstinden til venstre. Heilt til høgre kjenner vi igjen Storebjørn, Sokse og Store Smørstabbtinden. På austsida av dalen ligg Skarddalstinden som verkar litt puslete i denne vinkelen. Den austre toppen, Skarddalseggje, er høgst med sine 2159 m. I bakgrunnen til høgre ser vi Høgdebrotet og Tjønnholstinden på sørsida av Gjende.
Eit siste studie av Store Rauddalseggje i dag. Det ser greitt ut opp til den vesle snøfonna like under toppen på høgre sida. Dei smale snøfelta som går frå eggja og ut til venstre ser eg bort frå. Blaut snø på glatte svaberg er ikkje noko for meg, i alle fall ikkje når høgda på hammaren under snøfeltet er over 100 m! Her blir det spørsmål om å gå rett opp eggja eller utsetje toppturen. I horisonten til venstre ser vi Mesmogtinden og Langedalstinden som ligg midt mellom Gjende og Bygdin. Snøholstinden ser også grei ut frå denne sida. Den vestre ryggen er bratt og minst like kvass som den populære Gjendineggen i Peer Gynt, men der er ingen hammar som krev sikring. Tauet kan liggje igjen på hytta, og eg gler meg til turen i morgon med lett sekk og to nye toppar!
Laurdag 27. juni
Det var godt å få sove lenge utover dagen. Eg er heilt åleine på hytta og har ingen hast med å kome i gang med dagens to lette toppar! Eg er faktisk litt stiv og støl etter gårsdagen, eit teikn på manglande trening og dårleg kondisjon. Men med lett sekk går det greitt oppover bakkane mot topp 1808 m i sør. Eg ser opp mot Austre Rauddalstinden og ruta mi ned mot dalen kvelden før. Den gjekk langs snøkanten på den kvasse eggja til høgre. Eit naturleg vegval sett frå denne sida, men ikkje like sjølvsagt når ein kjem ovanfrå. Med litt uflaks kan ein risikere å kome for langt mot vest og ut på våte og glatte svaberg!
Skarddalseggje og Store Rauddalseggje nok ein gong. Frå denne vinkelen ser det ut til at den slake ryggen går heilt til topps utan hinder av noko slag!
Frå toppen av Mjølkedalstinden blir den siste ryggen opp mot Store Rauddalseggje ein tanke brattare, og eg meiner å hugse at det står ein raud varseltrekant på kartet. Kanskje er det runde snøfeltet under toppen eit greitt nok mål for morgondagen? Toppen i bakgrunnen er Surtningssue. Det er snart eit år sidan eg var innom denne toppen på ein uvanleg lang skitur mellom Spiterstulen og Glitterheim. Det er utsikt til 2000 m-toppar i alle retningar. Frå denne kanten ser vi den skarpe eggja mellom dei to toppane på Urdanostinden, bratt og luftig, men raskaste veg til topps frå Tyin. Den svarte toppkjegla på Stølsnostinden stikk så vidt over kanten, og til venstre ser vi Falketind.
Turen austover frå Mjølkedalstinden startar i ein godt opptrakka sti, men endar snart i eit loddrett stup. Eit skrått utoverhallande svaberg er einaste veg ned mot ei djup og bratt renne. Sjølvsagt er det heilt uaktuelt utan tau! Dermed går turen opp mot toppen igjen og over til den bratte ryggen på sørsida av renna der det er fleire gamle fotspor. Denne ryggen endar også i eit stup, men her er det ei brei og god hylle heilt inn i botnen av renna. Det viser seg snart at renna er full av fine trappetrinn og det blir ein enkel og sikker veg ned frå toppen.
Renna er så vidt synleg i venstre kant av toppeggja på biletet nedanfor. Bratt var det vidare nedover, men snøen bar nokså godt sjølv om sola hadde stått rett på i mange timar. Tidleg på sommaren kan det nok vere stor rasfare på denne sida av toppen.
Ryggen opp mot Snøholstinden som var så enkel på avstand, blir brått stengd av ein bratt fjellknaus. Eg tek til venstre, men eg angrar litt i det eg kjem ut på eit bratt snøfelt. Det er heldigvis fast og fint, men eg trivst best med stein som underlag og ville ha prøvd meg på sørsida dersom eg skulle ha teke turen om igjen.
Isøksa gjev dårleg sikring i snøen, så det er godt å kome inn på fast grunn og opp på den kvasse ryggen igjen.

Men det er enno eit lite stykke igjen. Bratt og luftig, men likevel greitt å gå. Det er fast snø til venstre for ryggen for den som har høgdeskrekk! Turen ned frå toppen gjekk på snø på nordsida. Ei grei rute på denne årstida!
   
Søndag 28. juni  
Ut på laurdag etter middag kom det to turgrupper over frå Eidsbugarden. Eg har ikkje noko i mot å få selskap etter to dagar åleine i fjellheimen!
No står det igjen fire toppar på Rauddalseggje og Skarddalseggje på vegen tilbake til Leirvassbu. Eg legg optimistisk i veg oppover frå hytta og inn på den snøfri eggja mot topp nr. 1 i dag!

På 1795 m flatar ryggen ut og eg stoppar for å studere Skarddalstinden og Skarddalseggje. Dersom eg ikkje kjem meg opp på Rauddalseggje, må eg også droppe Skarddalseggje i dag. Oppstigninga frå skardet ser ikkje ut til å vere så enkel frå denne vinkelen, og det blir for langt å gå inn Skarddalen og opp frå austsida på dette føret. Utsikt mot Rauddalstindane frå ein ny vinkel.
Spenninga stig. Dette er toppen eg har studert på avstand dei to siste dagane. Eg tippar at høgda opp frå den flate ryggen til venstre er rundt 50 meter. Den naturlege ruta går nok opp eggja frå venstre, men ein liten hammar stengjer vegen i starten. Ut til høgre går det fleire fine hyller over snøflekken som var så godt synleg frå Mjølkedalstinden.
Eg går opp til steinblokka i øvre kanten av biletet og sjekkar GPS-en som viser 2120 m, det vil seie 50 m igjen. Tauet bli teke ut av sekken og pakka ned igjen etter ei enkel risikovurdering. Eg har hatt ein flott tur opp hit i dag og kan ta igjen toppen frå aust ein annan gong. Eller det kan bli klatring opp veggen i lag med ein solid ankermann seinare? Her er mange gode ruter å velje mellom, men eg vil ikkje risikere å gå meg fast!
Det er ikkje mange som har slik utsikt ved lunsjbordet! Over Rauddalstindane ser vi dei fleste toppane rundt Smørstabbreen.

Tilbake mot Store Rauddalseggje frå nordvest. No har toppeggja plutseleg vorte bratt og avvisande i fronten. Her er ein rapport frå 2005 som eg fann på Fjellforum.net etter at eg kom heim! Ryggen opp mot Skarddalstinden er fri for snø, men lang og tung likevel. Like før toppen møter eg fire av gjestene frå hytta på veg ned. Biletet vestover mot Rauddalstindane viser at nordaustryggen av Austre kan vere eit brukbart alternativ for å kome opp på denne toppen frå nord.
Store Rauddalstinden for siste gong i dag. Neste gong blir det nok tur via nordryggen opp mot Midtre og vestover ryggen mot Store som ser enkel og grei ut frå denne sida! Skarddalseggje kan også bli tøff nok frå vest. Eg bør nok velje nordryggen på turen frå Leirvassbu til Gjendebu. Då rekk eg gjerne ein tur innom dei to toppane på Rauddalseggje i same slengen, men det får vente til utpå sommaren når det er mindre snø.
Under ser vi sørover toppane på begge sider av Svartdalen mellom Gjendebu og Torfinnsbu. Eg kjenner igjen Svartdalspiggane, Mesmogtinden og Langedalstinden frå den lange Torfinnstindtraversen i fjor. I toppsamlinga mi manglar eg enno Slettmarkhøe som ligg heilt ute til høgre. Nordover er det mange kjende toppar. Kyrkja når ikkje opp i horisonten, men er lett å kjenne igjen med den svarte pyramideforma. I bakgrunnen frå venstre ser vi m.a. Tverrbottindane, Bukkehøe, Bukkeholstindane, Storgrovtinden, Tverrbytthornet, Tverråtindane og Galdhøpiggen. Toppen rett over dalen til høgre er Langvasshøe (2030 m).
Det vart berre denne eine toppen i dag, men for ein topp! Dette må ver ein av dei finaste toppturane i Jotunheimen, men likevel er det ingen køproblem. I alt 5 personar til topps denne helga! Skarddalstinden ligg så nær rutene frå Leirvassbu til Olavsbu og Gjendebu at dei som går desse rutene, lett kan ta turen til topps. Og toppen til høgre er sjølvsagt Store Rauddalseggje, eg kjem nok igjen ein dag! På veg mot Leirvassbu kjem ein flokk på over 50 reinsdyr mot meg like ved den merkte DNT-ruta. Dette er tamrein som ikkje er redde for ein trøytt og sliten fotturist. Fleire av dyra legg seg ned i snøen, og det ser ut til at dei vil slå seg til ro for natta. Det er mange små kalvar og ingen grunn til å gå nærare og skape uro i flokken.

http://www.fjellsport.net/