Utbygging av Kjørnes III i Sogndal kommune
| Rev. 14.11.2009 | 3. Vatn og avlaup |
| 1. Reguleringsplanar
og grunnavståing 2. Sal av Kjørnes III 4. Manglande sikring 5. Miljøkriminalitet 6. Hjortegjerde 7. Ulovleg vegbygging |
Bakgrunn
Ved forhandlingane om grunnavståing i 1986,
vart det avtalt at dei tidlegare grunneigarane skulle ha rett til
å kople seg inn på det nye avlaupsanlegget frå bustadfeltet
på Kjørnes. I VA-planen til Vikane AS vart grøfta plassert så
høgt i terrenget at det ville bli vanskeleg for kommunen å
oppfylle dette punktet i avtalen. Det viste seg snart at
VA-planen var lite gjennomtenkt og medførte store kostnader på
grunn av svært djupe grøfter og boring gjennom ein fjellrygg.
VA-planen tok ikkje omsyn til dei spesielle terrengformasjonane,
og planleggjaren gløymde at ei VA-grøft må leggjast med fall
for å fungere! Den naturlege VA-traseen frå 1986 går gjennom
jordbruksarealet på nedsida av eksisterande bustadhus. Sogndal
kommune overtok ansvaret for prosjektering og bygging av
VA-anlegget i mai 2008, men oppdaga for seint at VA-planen ville
få store negative konsekvensar.

| Sogndal kommune fekk brev med
kommentar og spørsmål til VA-nettet den 8. januar 2008. Sogndal kommune svarte ikkje på dette brevet.
På biletet til venstre ser vi at avlaupsrøret ligg to meter over kjellargolvet. Her blir husbyggjaren tvinga til å installere pumpeanlegg og må betale dyrt for tabbane til udugelege amatørar. |
||||||||
| Hovudgrøfta gjennom feltet vart
plassert på ein markert rygg i terrenget. Utbyggjaren
kunne ha unngått det meste av sprengingsarbeidet dersom
han hadde teke mot råd frå fagfolk og plassert grøfta
i den planlagde gangvegen som ligg i søkket til høgre
for dette biletet.
I det bratte terrenget vart skogen rydda i 25 meters breidde for at entreprenøren skulle kome fram med tungt utstyr til boring og graving. |
||||||||
§2.13 i
reguleringsføresegnene:
|
||||||||
Sogndal kommune overtok ansvaret for
prosjektering og bygging av VA-anlegget i mai 2008. I
punkt 5 i avtalen mellom kommunen og Vikane AS står det:
Kommunen valde likevel å fullføre grøfta etter den planen som utbyggjaren hadde laga.
Sjå artikkel i Sogn Avis om eit langt mindre terrenginngrep ved Eidsfjorden! |
||||||||
Det ser ikkje ut til at kommunen sin
sakshandsamar i F-sak nr. 38/08 hugsar kva han skreiv i 2008:
|
||
| Den 15. mai 2008 godkjende Sogndal
formannskap avtalen med Vikane AS, og kontrakten for
bygging av VA-anlegget vart tiltransportert Sogndal
kommune. Sjå punkt 7 i utbyggingsavtalen. |
||
| Dei fleste forstår at denne sida
inneheld svært kritiske merknader til kommunen si utbygging av VA-anlegget i
Kjørnes III. Kommunen har konsekvent valt å oversjå all kritikk! |
||
| Denne E-posten vart ikkje journalført av Sogndal kommune. | ||
| Den 9. november 2009 starta kommunen
arbeidet med planering av terrenget i skjermsona. Detaljplanen for istandsetjing og planting er ikkje ferdig. Kva ventar kommunen på? |
|
| Den 14. november 2009 stod det igjen
to opne kummar på VA-anlegget. Det er to månader etter at kommunen gav klarsignal til å ta kloakkledningen i bruk! |
|
| 8 månader seinare er dei opne kummane
snart borte bak ugraset! Dei to kummane er to meter djupe og utgjer ein risiko både for joggarar og ungar på akebrett til vinteren! Sogndal kommune gjev seg god tid med tilplanting av skjermsona!
22. juli 2010 |