Turvegen i Norane og liknande saker i Sogndal kommune
| Historia gjentek seg:
|
Sogn avis 18. august 2009:
|
|||
|
||||
| Frå aust startar turvegen som ein
vanleg skogsveg med 3,0 m breidde. Det er naturleg vegetasjon i vegskråningane og mellom hjulspora. |
||||
| Den nye turvegen startar der denne traktorvegen sluttar. | ||||
| Ta med termos og matpakke på turen! | ||||
| Her er den "ulovlege
turvegen" med ei breidde på knapt 3,0 m. Naturleg
vegetasjon vil snart dekkje det meste av det synlege
inngrepet i terrenget. Sjå artikkel og fotoserie frå bygginga i Sogn avis 31.08.2009! I august 2009 var rådmann og politikarar i Sogndal så opptekne av å redusere breidda på turvegen i Eidet at dei gløymde at dette kunne få konsekvensar for andre turvegprosjekt i kommunen. I saksframstillingar og møtereferat er det ingen synleg samanheng mellom dei to vegsakene sjølv om alle var klar over at bygginga gjekk føre seg samtidig og hadde same formål: Turveg. |
||||
| Etter at vegen var ferdig, kravde Sogndal turlag smalare veg og meir jord på vegen slik at
graset skal vekse litt fortare! Har styret i turlaget gått denne vegen? I 2008 gav Kultur- og kyrkjedepartementet ut ei rettleiing om bygging av turvegar som byggjer på handboka "Stier, løyper og turveier" som vart utgjeven i samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning i 1991. Departementet meiner at turvegar bør ha ei breidde på minst 2,5 - 3,0 m. Klikk her for å opne departementet si rettleiing i ein ny glugge! |
||||
| Traktorvegen på vestsida er 3,0 m brei, men knapt synleg i landskapet. | ||||
| Den "ulovlege turvegen" går gjennom skogen midt på dette biletet. Dei største fjellskjæringane er så vidt synlege. | ||||
| Møte i forvaltningsutvalet
den 30. september 2010 Sjå saksutgreiing og tilråding i sak nr. 00890/10: Tilråding: Tvangsmulkt kr. 500,- pr dag Vedlegg: Brev frå Norane idrettslag av 25.04.2010 Brev frå Fylkesmannen i Sogn og fjordane av 16.08.2010 Brev frå Sogndal turlag av 1.07.2010 |
Møte i forvaltningsutvalet
den 24. september 2009 Spørsmålet om lovleg vegbreidda på turvegen i Norane, minner om ei tilsvarande sak i fjor. Den gongen melde ordførararen utbyggjaren til politiet med full støtte frå forvaltningsutvalet. For ordføraren var det viktig med politimelding for å statuere eit eksempel og unngå liknande saker! Sak nr. 79/09 i forvaltningsutvalet: Vedtak: Tvangsmulkt kr. 1.000,- kroner pr. dag |
|||
![]() |
Her målte Sogndal kommune vegbreidda
til 4,0 m lenge før vegen var ferdig! På ein 4,0 m brei veg er det rikeleg plass til at to personbilar kan passere kvarandre utan å ta grøfta i bruk! Alle var klar over at rådmannen opererte med altfor stor breidde på vegen, men i denne saka vart prinsippet viktigare enn sanninga! Ordføraren svarte unnvikande på ein interpellasjon om saka på møte i Sogndal kommunestyre den 10.09.2009. (Journal nr. 08/1447). På møtet i kommunestyret gjekk representanten Liv Synnøve Bøyum hardt ut mot eigaren av vegen og forsvarte kravet om politimelding for å statuere eit eksempel! Ingen av medlemmene i forvaltningsutvalet svarte på E-post med spørsmål om vegbreidda av 19.09.2009. |
|||
| Dersom politikarane følgjer opp den
store prestisjesaka frå 2009, kan den fine turvegen i
Norane bli redusert til ei smal grøft der det ikkje er
plass til to personar i breidda! Dette er turvegen frå biletet ovanfor etter at vegen er ombygd til politisk korrekt breidde. Ombygginga vart prosjektert av profesjonelle konsulentar etter detaljerte krav frå forvaltningsutvalet i Sogndal kommune. |
||||
| Innafor den gamle vegbreidda er det
ikkje plass til ei målestong som er 3,0 m lang sjølv om
ein tek med grøfta! Det er ingen utanom medlemmene i forvaltningsutvalet, som forstår kvar rådmannen fann den siste meteren! |
||||
![]() |
Slik ser det ut i fyllingsfoten når
Sogndal kommune byggjer ulovlege vegar gjennom regulerte
skjermsoner og friområde. I reguleringsføresegnene for Kjørnes II og III som vart stadfesta av Fylkesmannen den 2. oktober1984, står det m.a. dette i §9: "Fellesareala skal vernast og kultiverast etter nærare fastsette reglar innafor råma av del 2, landskapsanalysen." Kva meiner forvaltningsutvalet om den ulovlege vegbygginga som Sogndal kommune har utført? Risikerer kommunen å få tilsendt eit krav om tvangsmulkt, eller meiner rådmannen (og forvaltningsutvalet) at Sogndal kommune står fritt til å bryte lover og reglar? |
|||
| Reguleringsplanen for Kjørnes II og
III vart stadfesta av fylkesmann Ingvald Ulveseth den 2.
oktober 1984. Dette arealet er regulert til bustadføremål, friområde og jordbruk med tilkomst frå eksisterande veg ved barnehagen. Bygging av ny tilkomstveg frå den kommunale vegen mellom Hagalandet og Vikane, er sjølvsagt ulovleg utan ny reguleringsplan! Denne ulovlege vegfyllinga er over 20 meter brei, men rådmannen i Sogndal definerte dette som "grøft" for å unngå krava i reguleringsplanen! Forvaltningsutvalet hadde sjølvsagt ingen motførestillingar til rådmannen si tolking av Plan- og bygningslova. Dermed er det vel fritt fram til å byggje fleire breie og høge grøfter i Sogndal kommune? |
||||
|
||||
| Gamlevegen mellom Vikane og Valeberg
er 3,0 m brei, med litt tillegg der det er høge murar og
stabbesteinar. Vegen var nedlagd som offentleg veg i 1946 og er i dag ein av dei finaste turvegane i Sogndal kommune. Turgåarane set spesielt stor pris på det mjuke underlaget og håpar at vegen aldri blir øydelagd med asfalt! |
||||
| Vegbreidda på den gamle køyrevegen
er 3,0 m, men frodig kantvegetasjon ved foten av
Langebakken, gjer sitt til at vegen verkar smalare. No planlegg Sogndal kommune å asfaltere heile vegen med ei breidde på 3,0 m. Dette medfører at skogen må fjernast i ei sone på 5 m på begge sider av vegen for å unngå at fururøtene sprengjer opp asfalten. I denne saka brukar kommunen rettleiaren frå departementet som grunngjeving for at den effektive vegbreidda på turvegen må aukast til 3,0 m! Er det rart at folk stiller spørsmål? |
||||
| 26.09.2010 | ||||
![]() |
|
![]() |
|
![]() |
Møteboka i sak nr. 80/10 inneheld
ingen referanse til sak 79/09. Begge sakene vart handsama etter det same lovverket, men det vart gjort ulike vedtak! |
![]() |
|
![]() |
| Sogn Avis 26.10.2010: | |
![]() |
Denne reaksjonen frå ein av
medlemmene i forvaltningsutvalet, viser at det var god
grunn til å stille spørsmål ved kommunen si handtering
av desse to sakene. Det er snart på tide at forvaltningsutvalet forstår at det vart gjort feil i sak 79/09! Spørsmålet som utløyste kraftig irritasjon, vart stilt på møte i kommunestyret den 21.10.2010. Skriftleg svar frå ordføraren er ikkje lagt ved møteboka som ligg på kommunen si heimeside. |