Rådmann Jostein Aanestad og hagestova på Kjørnes
| Den 27.3.2009 sende Johannes Idsø ut nabovarsel om
tilbygg/utviding av hagestova på denne eigedomen i
Sogndal kommune som ligg i sameige mellom den nye kona
hans og syster hennar. Eigedomen hadde ikkje hagestove tidlegare. Teikningane viser at det er planlagt innbygging av eksisterande veranda og eit nytt skjemmande tilbygg som ville øydeleggje fasaden mot sjøen. Planteikningane og kommunen si saksframstilling ligg her. I eit brev til kommunen av 7. april 2009 stilte den andre grunneigaren kritiske spørsmål ved den estetiske utforminga av bygget: |
|
![]() |
"Eg viser til nabovarsel frå
Johannes Idsø av 27.03.2009 som er sendt til meg som
eigar/festar av gnr. 1 bnr. 10 i Sogndal kommune.
Varselet gjeld eit tiltak som han har planlagt på min
eigedom. På vegne av Aud Jorun Ølnes har advokat Louis Anda kravd jordskifte for å få endra eigedomstilhøva og få frådelt ei større tomt. Inntil dette er endeleg avgjort, vil eg oppmode Sogndal kommune om å vente med handsaming av denne byggjesaka. Dersom kommunen likevel ønskjer å ta opp saka, må det leggjast stor vekt på at dette vil bli eit svært skjemmande tilbygg og ei fasadeendring som bryt kraftig med byggjestilen på eigedomen. Søknaden må handsamast etter §74, §93a og §93b og ikkje som melding etter §86a i Plan- og bygningslova." Rådmannen i Sogndal fjerna dette brevet ved handsaminga av byggjesaka i forvaltningsutvalet den 28. mai 2009. Kommentaren frå Johannes Idsø av 11.4.2009 vart derimot lagt ved. |
| Nabovarselet vart sendt frå eigaren
av gnr. 1/10 i Sogndal til eigaren av gnr. 1 bnr. 10 i
Sogndal! |
| I vurderinga av byggjesøknaden, viste
rådmannen til eit utkast til ny §21-6 i Plan- og
bygningslova. Han fjerna denne setninga: Dersom det framstår som klart for bygningsmyndighetene at tiltakshaver ikke har de privatrettslige rettigheter søknaden forutsetter, kan søknaden avvises og sette i staden inn "---". |
|
| § 21-6. Privatrettslige forhold Med mindre annet følger av loven her, skal bygningsmyndighetene ikke ta stilling til privatrettslige forhold ved behandling av byggesøknader. Dersom det framstår som klart for bygningsmyndighetene at tiltakshaver ikke har de privatrettslige rettigheter søknaden forutsetter, kan søknaden avvises. Eventuell tillatelse etter denne lov innebærer ingen avgjørelse av privatrettslige forhold. Kommunen kan fastsette frist for tiltakshaver for supplering av søknaden. Denne delen av loven er ikke satt i kraft. Tilføyd ved lov 8 mai 2009 nr. 27. |
|
| Sivilombudsmannen si årsmelding for 2005 inneheld ei orientering om "privatrettslige forhold" på side 31. | |
| Sivilombudsmannen gjev eit klart råd
til kommunen: I saker der det er klart at søkjaren ikkje har eller vil få det nødvendige privatrettslege grunnlaget for gjennomføring av tiltaket, bør søknaden avvisast. Rådmannen i Sogndal kommune har ikkje følgt rådet frå Sivilombudsmannen i denne saka. |
|
| Den 16.4.2009 sende Johannes Idsø eit
nytt brev der han orienterte om at han kom til å starte
arbeidet før han fekk byggjeløyve. Dette var klarert
både med kommunen sin sakshandsamar og leiaren av
forvaltningsutvalet. Rådmannen i Sogndal la dette brevet til side då saka vart handsama av forvaltningsutvalet. Den 28. mai 2009 gav forvaltningsutvalet byggjeløyve med knappast mogleg fleirtal, 4 mot 3. I denne saka ser det ut til at leiaren av forvaltningsutvalet har gjeve kollegaen sin på høgskulen eit muntleg byggjeløyve. Ein månad seinare oppdaga ho kva det vart søkt om, og ho stemde mot byggjeløyve då saka kom opp i forvaltningsutvalet! I tida etterpå har rådmannen brukt alle tenkjelege knep for å unngå at byggjeløyvet skulle bli oppheva av Fylkesmannen. Kontrollutvalet bør sjå på kommunen sin praksis med å gje slike uoffisielle byggjeløyve før sakene er lovleg handsama i samsvar med Plan- og bygningslova. |
![]() |
Møte i forvaltningsutvalet den 27.
august 2009 Mange i Sogndal reagerte med vantru på vedtaket og oppfordra eigaren av gnr. 1/10 til å klage. Klagen vart levert i god tid før ferien. Saka var ferdig utgreidd av Plan og næring i månadsskiftet juni/juli 2009, men rådmannen ønskte likevel ikkje å leggje klagen fram for forvaltningsutvalet i det fyrste møtet etter ferien. Kva fann rådmannen ut då han undersøkte om byggjearbeidet alt var sett i gang? |
||||||||||
![]() |
Møte i forvaltningsutvalet
den 24. september 2009 I dette møtet vann rådmannen 7 - 0 over motstandarane frå 28. mai. Hadde det kome fram nye opplysningar om dei estetiske kvalitetane til det planlagde drivhuset? Hadde nokon "snakka saman"? Eller var mindretalet frå 28. mai 100 % sikre på at Fylkesmannen straks ville oppheve vedtaket? |
||||||||||
| Forvaltningsutvalet godtok rådmannen si bortforklaring om arbeidspress og ferie som årsak til at klagesaka frå 20. juni vart liggjande i 3 månader på kontoret hans. Men det blir verre å finne ei truverdig forklaring på at saka brukte nye to månader frå Sogndal til Leikanger. | |||||||||||
| Etter to månaders
venting, etterlyste Fylkesmannen saka i E-post til rådmann og sakshand- samar kl. 13:22 den 27.11.2009: |
Kommunen
handsama klage frå Dagmar Lotsberg i Forvaltningsutvalet
den 24.9.09. Vi kan ikkje sjå å ha motteke klagesaka frå Sogndal kommune. Eg ber om at de sender saka over hit i tråd med vanlege prosedyrer for klagesak etter plan- og bygningslova. |
||||||||||
| Kl. 14:11 Sogndal
kommune svarar: |
Forvaltningsutvalet handsama sak i møte den 24.09.09, sak 78/09 og gjorde slikt vedtak: "Forvaltningsutvalet tek ikkje klagen frå Dagmar Ølnes Lotberg til følgje. Bakgrunnen er at klagen gjeld eit privatrettsleg tilhøve mellom dei to heimelshavarane av eigedomen, gbnr. 1/10. Privatrettsleg tilhøve er bygningsstyremakta uvedkommande. For eventuell klage på vedtaket vert vist til "rett til å klaga over forvaltningsvedtak." Saka er difor ikkje sendt Fylkesmannen då vi ikkje har motteke klage på dette vedtaket | ||||||||||
| Kl. 14:27 Fylkesmannen spør: | Slik eg forstår saka, så har kommunen gjort vedtak om byggeløyve, Lotsberg har klaga og kommunen har ikkje tatt klagen til følgje. Kvifor meiner de at Lotsberg skal måtte klage ein gong til ? | ||||||||||
| Kl. 15:36 Sogndal kommune svarar | Melding med vedlegg. Ingen tekst. | ||||||||||
| Kl. 15:44 Fylkesmannen gjentek spørsmålet: | Kommunens saksframstilling har eg frå før. Spørsmålet som eg ikkje har fått svar på, er kvifor kommunen meiner vedkomande må klage på nytt? For meg ser det ut til at der er gjort eit vedtak, der ligg føre klage, kommunen har teke stilling til realitetane i klagen, m. a estetikkforholda og har "ikkje teke klagen til følgje." | ||||||||||
| Sidan dette skjedde på ein fredag,
fekk rådmannen bruke helga til å tenkje seg om. Han måtte til slutt velje mellom desse to alternativa: Innrømme ureint spel og bli fråteken alle poenga for kampane som enda 4-3 i mai og 7-0 i september fordi begge kampane var fiksa, eller risikere raudt kort dersom han ikke slutta å krangle med dommaren! |
|||||||||||
| Den 1. desember kom saka endeleg fram til Leikanger. | |||||||||||
| Fylkesmannen trekte som venta følgjande konklusjon: |
Slik vi ser det, er det klart at løyvet her kjem i strid med privatrettslege tilhøve, slik at kommunen skulle ha avvist søknaden. Fylkesmannen meiner det framstår som klart at søkjaren ikkje skulle fått løyve til bygging. | ||||||||||
| Artikkel i Sogn Avis | Denne krangelen med Fylkesmannen viser
at rådmannen i Sogndal kommune manglar grunnleggjande
kunnskap om og respekt for plan- og bygningslova og
forvaltningslova. Når eit samrøystes forvaltningsutval
har avvist ein klage, har rådmannen sjølvsagt plikt til
å sende saka vidare til klageinstansen utan å prøve
filibustertaktikk! (Sjå § 33 i Forvaltningslova) Slike saker er ei stor påkjenning for dei tilsette i administrasjonen i Sogndal kommune. Det er ingen grunn til å mistenkje nokon av desse for å ha gøymt unna klagesaka sommaren 2009 eller for å ha gløymt å sende saka til Fylkesmannen! |
||||||||||
| I ein leiarartikkel
i Sogn Avis den 14.12.2009 gav redaktøren dette rådet til forvaltningsutvalet i Sogndal kommune: |
Same kva dei folkevalde som sit i utvalet i dag måtte meina, så bør dei ta ein kritisk gjennomgang av måten dette utvalet fungerer på. Det burde også administrasjonen ha interesse av. For meir enn noko handlar dette om folk sin tillit til måten eit så viktig utval som dette fungerer på. Det vil vera uheldig for lokaldemokratiet om det skulle festa seg eit inntrykk av at forvaltningsutvalet berre strør sand på tilrådingar frå administrasjonen og at dei ikkje verken evnar eller vil stilla spørsmål. | ||||||||||
![]() |
Rådmannen avviser som vanleg all
kritikk og nektar å bøye seg for den knusande dommen
frå Fylkesmannen. I god tid før møte i
forvaltningsutvalet den 28. januar 2010, må han velje
mellom desse alternativa:
|
||||||||||
| Den
23. desember sende Johannes Idsø ei oppmoding til
fylkesmannen om å vurdere saka
på nytt "på vegne av og med fullmakt fra Aud
Jorun Ølnes". Grunngjevinga var at "Dagmar
Ølnes Lotsberg i sin klage har holdt tilbake vesentlig
og relevant informasjon". Den 25. juni 2009 gav Johannes Idsø og Aud Jorun Ølnes eit anna svar då Sogndal kommune ba om kommentar til klagen: |
Brevet
frå Johannes Idsø inneheld
kritikk av Dagmar Ølnes Lotsberg fordi ho skal ha halde
tilbake "informasjon av vesentlig betydning"
i klagen sin til fylkesmannen. I ein E-post til Sogndal kommune den 23. desember 2009 stilte Johannes Idsø to spørsmål om byggjesak 06/00982 (Gunnar Lotsberg, garasje): 1. Finnes det noen dokumentasjon på at det er sendt nabovarsel til noen av naboene? 2. Finnes det noen dokumentasjon på at det foreligger tillatelse fra medheimelsinnehaver Aud Jorun Ølnes? Var det berre tilfeldig at det tok over to månader å kopiere og sende klagesaka til Fylkesmannen i okober - november 2009? Brevet frå kommunen inneheldt kopi av byggjeløyve for garasjen, men gav elles ingen ny "vesentlig og relevant informasjon" som kunne gje Fylkesmannen grunn til ny vurdering av vedtaket frå 14. desember 2009. Sogndal kommune fann ingen formelle feil i byggjesaka frå 2006. |
||||||||||
| Byggjeløyve for garasje i 2006 | Skuldingane frå Johannes Idsø vart tilbakeviste av Dagmar Ølnes Lotsberg og Gunnar Lotsberg i to brev til fylkesmannen av 4. januar 2010. Etter dette er det ingen tvil om at garasjen på gnr. 1 bnr. 10 vart lovleg oppført i 2006 med løyve både frå heimelshavar og Sogndal kommune! | ||||||||||
| Den 30.12.2009 kom
Johannes Idsø med kraftig kritikk av Fylkesmannen i eit brev
til rådmann Jostein Aanestad. Han innleier brevet med at saka er sendt tilbake til fylkesmannen"- på oppfording fra saksbehandler -" utan å presisere om det er kommunen eller fylkesmannen sin sakshandsamar han meiner. |
|||||||||||
| Brev
til rådmannen i Sogndal kommune laurdag 9. januar 2010 Brevet vart sendt på E-post til postmottaket i Sogndal kommune. |
Stemmer det at saka er saka send i
retur til fylkesmannen på oppfordring frå
sakshandsamar? (Sjå innleiinga i brevet frå Johannes Idsø til rådmannen av 30.12.20109). |
||||||||||
| Måndag 11. januar sende rådmannen spørsmålet over til Plan og næring og fekk brevet fjerna frå den offentlege journalen før kommunen si hemeside vart oppdatert. | Arealplanleggjar Torbjørn Hasund gav
eit klart svar tysdag 12. januar 2010: "Kommunen har ikkje bedt fylkesmannen ta saka opp til ny vurdering." |
||||||||||
| Som ei forsikring mot at brevet skulle
bli borte, sende Dagmar Ølnes Lotsberg ein kopi til
fylkesmannen. Her vart det journalført som dokument nummer 18 i klagesaka. |
|
||||||||||
| Rådmannen orienterte kontrollutvalet
om at han hadde sendt saka i retur til Fylkesmannen. Kommunen overleverte saka til Fylkesmannen utan følgjeskriv og unngjekk dermed at tilbakesendinga vart kjend gjennom den offentlege journalen. |
Brevet frå arealplanleggjaren var
kommunen sitt offisielle syn fram til 19. mars 2010. Då
vart det skrive referat frå møte i kontrollutvalet
i sak nr. 3/2010. Av
saksutgreinga til møte i kontrollutvalet den 17.2.2010,
går det klart fram at Sogndal kommune hadde sendt saka i
retur til Fylkesmannen for ny handsaming
utan å informere partane:
Retur av ei klagesak utan journalføring og skriftleg grunngjeving, er klart i strid med både forvaltningslova og offentleglova. Kontrollutvalet hadde likevel ingen merknader. |
||||||||||
| Ordføraren si rolle i Sogndal kommune | Den 3. september vart det levert ein
skriftleg interpellasjon til ordføraren om denne saka.
Interpellasjonen vart ikkje registrert i den offentlege
journalen til Sogndal kommune. På møtet i Sogndal kommunestyre den 10.9.2009, las ordføraren opp ei kort orientering frå rådmannen, men nekta å gje eit konkret svar på spørsmåla. Dette er ikkje referert i møteboka. |
||||||
| Brev til ordføraren |
|
||||||
| Det siste avsnittet i brevet har denne
oppmodinga til ordføraren: Til orientering legg eg ved kopi av brevet mitt til Sogndal kommune av 20. juni 2009 der eg stilte fleire kritiske spørsmål til rådmannen si saksframstilling til forvaltningsutvalet. Saksutgreiinga og utviklinga etterpå, er ikkje med på å styrkje tilliten til administrasjonen i Sogndal kommune. Eg vonar at ordføraren forstår alvoret i dette og gjer sitt til å få slutt på den ukulturen som har fått utvikle seg i kommuneadministrasjonen dei siste åra. |
|||||||
| Ordføraren svarte ikkje på brevet, men sende det over til Plan og næring som avviste all kritikk i eit notat datert 7.10.2009. Notatet er merkt "Frå ordførar", men det skulle truleg ha stått "Til ordførar" frå "Plan og næring". Det er ikkje noko som tyder på at ordføraren har sett dette notatet før det vart lagt i utgåande post ved eit uhell. Notatet er ikkje ferdig og det manglar signatur. |
| I notatet frå Plan
og næring står det m.a. dette: "Dersom Ølnes Lotsberg vil stoppa byggeprosjektet, må ho reisa sak for domstolen for å hindra at byggearbeidet vert gjennomført." |
Dette er nøyaktig
det motsette av det Sivilombudsmannen skreiv i
årsmeldinga si for 2005: "Dersom det virker sannsynlig at tiltaket vil komme i strid med en slik tredjeparts rettigheter, kan det være rimeligere å la byrden med å skaffe en rettslig avklaring påligge tiltakshaver. I slike tilfeller bør derfor plan- og bygningsmyndighetene kunne avvise søknaden inntil det privatrettslige er avklart. I så fall vil det være tiltakshaver som må innlede en prosess for domstolene, med mindre de private parter kommer til enighet." |
||||||||||
| Ny utvikling i 2010: | Fylkesmannen innfører generell klagerett på alle endelege vedtak! | ||||||||||
| Brev frå Fylkesmannen av 4. januar 2010 | Den 4. januar 2010 starta Fylkesmannen
med vurdering av oppmodinga frå sakshandsamar og
Johannes Idsø om omgjering av vedtaket frå 14.12.2009.
Dette er ein ny praksis som betyr at Fylkesmannen har
innført ein generell klagerett på alle vedtak som blir
avslutta med denne setninga: "Vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast vidare, jf fvl § 28 tredje ledd." |
||||||||||
| Svar frå Johannes Idsø (udatert, registrert som dokument nr. 19 i saka den 11. januar 2010) | I det udaterte brevet gjentek Johannes Idsø påstanden om at huset med den omstridde hagestova er bygd og finansiert av Aud Jorun Ølnes. Han nemner ikkje at huset vart finansiert med pant i eigedomen og med Henrik Ølnes som byggherre. | ||||||||||
| Brev frå Johannes Idsø til Fylkesmannen av 13. januar 2010 | I brevet blir det vist til kvitteringar og ferdigattest som er signert av Aud Jorun Ølnes. | ||||||||||
| Brev frå Fylkesmannen av 14.01.2010 | Den 14. januar 2010 sende fylkesmannen ei ny oppmoding om tilleggsopplysningar med svarfrist 20. januar. | ||||||||||
| Svar frå Johannes Idsø av 17. januar 2010 | Brevet inneheld ei gjentaking av tidlegare påstandar utan at det er lagt ved ny dokumentasjon. | ||||||||||
| Kommentar frå Dagmar Ølnes Lotsberg av 18. januar 2010 | Brevet inneheld skriftleg dokumentasjon på at det var Henrik Ølnes som søkte om byggjeløye og skreiv under alle dokument i byggjesaka i 1994. Den 26. mai 1995 fekk Henrik Ølnes mellombels bruksløyve av Sogndal kommune. | ||||||||||
| Brev
frå kontrollutvalet av 19. mars 2010 Brev til Fylkesmannen av 21. mars 2010. Spørsmål om status for saka |
Brevet frå
kontrollutvalet gav grunn til å stille fleire spørsmål
ved sakshandsaminga i kommunen: Kva informasjon har forvaltningsutvalet fått av rådmannen etter 14.12.2009? Kvifor vart ikkje brevet frå fylkesmannen av 14.12.2009 oppført under "skriv og meldingar" på eit av dei tre fyrste møta i forvaltningsutvalet i 2010? Kva grunngjeving har forvaltningsutvalet fått for at kommunen sende saka tilbake til ny vurdering hos fylkesmannen? Har forvaltningsutvalet gjeve rådmannen fullmakt til å ta alle midlar i bruk for å forsvare forvaltningsutvalet sitt 4-3-vedtak frå 28. mai 2009? |
||||||||||
27.05.2010 |
Pkt. 3 SKRIV
OG MELDINGAR - referert: E.
Tilbakemelding - anmodning av omgjering av vedtak frå
tiltakshavar Ølnes/Idsø - tilbygg vinterhage, Kvifor venta rådmannen over fem månader før han orienterte forvaltningsutvalet? |
||||||||||
| Brev frå Fylkesmannen av 26. mars 2010 | Den 26. mars kalla Fylkesmannen inn til eit møte for å gje Johannes Idsø enda ein sjanse til å dokumentere påstandane sine om dei faktiske eigedomstilhøva. Møtet vart halde i Statens hus den 8. april. På dette møtet kom det ikkje fram nye moment i saka. | ||||||||||
| Notat frå Fylkesmannen av 9. april 2010 med referat frå møtet 8. april | Referatet er datert 9. april, men
fylkesmannen venta til 16. april før han sende referatet
til møtedeltakarane som vedlegg til vedtaksbrevet. Dette
er svært uvanleg. Normal praksis ved møte i offentlege
organ, er at deltakarane får tilsendt referatet like
etter møtet og får høve til å kommentere punkt som
kan vere feil eller unøyaktig refererte. Referatet inneheld fleire uklare punkt og til dels grove feil som kan ha vore avgjerande for Fylkesmannen sitt endelege vedtak som vart gjort åtte dagar etter møtet, same dagen som referatet vart sendt ut. Det fyrste avsnittet under Møtet er upresist fordi det ubestemte pronomenet "ein" kan bety eg, du, vi, de, dei. Det må lesaren avgjere. |
||||||||||
![]() |
|||||||||||
| Lesaren må velje
mellom to alternative meiningar avhengig av om han legg
inn han eller
vi" i denne
setninga: Alt. 1: I eit referat er det viktig å skilje mellom referat og referenten si tolking av det som blir sagt på møtet. Den upresise formuleringa er svært uheldig i denne saka, fordi det ser ut til at Fylkesmannen har lagt alternativ 2 til grunn for det endelege vedtaket sitt. |
|||||||||||
| Desse to avsnitta i referatet er feil ut frå det som vart sagt på møtet og stikk i strid med skriftleg dokumentasjon som det er vist til tidlegare: | |||||||||||
![]() |
|||||||||||
| På møtet vart det vist til saksdokumenta som viser at Henrik Ølnes var byggherre for huset som Aud Jorun Ølnes bur i. Der er ikkje oppmålt areal rundt huset som kan definerast som tilhøyrande tomt. Saksdokumenta viser at det ikkje vart frådelt tomt i 1994. Det vart heller ikkje søkt om frådeling av tomt fordi dette vart definert som eit bygg i landbruket (kårhus). | |||||||||||
| FM, dokument nr. 2009/3512-3, vedlegg
4: Brev frå Dagmar Ølnes Lotsberg til Sogndal kommune av 7. april 2009 |
![]() |
||||||||||
| FM, dokument nr. 2009/3512-3, vedlegg
6: Brev frå Dagmar Ølnes Lotsberg til Sogndal kommune av 26. mai 2009 |
![]() |
||||||||||
| Usemje om tolking av avtale frå 1999 - 2000 | Av saksdokumenta går det elles fram at Dagmar Ølnes påstår at det ligg føre ein ti år gammal muntleg avtale om disponering av eigedomen. Avtalen omfattar også bygningane, inkludert det nye huset som Henrik Ølnes bygde i 1994 - 95. På side 2 i eit brev til Fylkesmannen av 17.1.2010 påstod Johannes Idsø at denne avtalen var ukjend. "Påstanden har derfor ingen rettslige konsekvenser". Denne usemja om avtalen frå skifteoppgjeret etter Henrik Ølnes, er bakgrunnen for advokat Louis Anda sitt krav om jordskifte på eigedomen. | ||||||||||
| Brev frå Fylkesmannen av 16. april 2010 med oppheving av eige vedtak frå 14.12.2009 | Vedtaksbrevet frå Fylkesmannen gjentek og forsterkar feil i møtereferatet: | ||||||||||
| Dagmar Ølnes Lotsberg har avvist kravet frå advokat Louis Anda om jordskifte. | ![]() |
||||||||||
| § 28 i forvaltningslova | §
28. (vedtak som kan påklages, klageinstans).
Enkeltvedtak kan påklages av en part eller annen med rettslig klageinteresse i saken til det forvaltningsorgan (klageinstansen) som er nærmest overordnet det forvaltningsorgan som har truffet vedtaket (underinstansen). For enkeltvedtak som er truffet av forvaltningsorgan opprettet i medhold av lov om kommuner og fylkeskommuner, er klageinstansen kommunestyret eller fylkestinget, eller etter disses bestemmelse, formannskapet eller fylkesutvalget eller en eller flere særskilte klagenemnder oppnevnt av kommunestyret eller fylkestinget. Departementet er likevel klageinstans når vedtak er truffet av kommunestyret eller fylkestinget. Vedkommende statlige organ er klageinstans når vedtak er truffet i henhold til myndighet delegert fra et statlig forvaltningsorgan. Med mindre Kongen bestemmer annerledes, kan klageinstansens vedtak i klagesak ikke påklages. Klageinstansens vedtak om å avvise klagen kan likevel påklages, unntatt: a) når også underinstansen traff vedtak om å avvise klagen, b) når underinstansen har prøvd avvisningsspørsmålet og kommet til at vilkårene for realitetsbehandling er til stede, c) når Kongen vil være klageinstans, d) når klagen er avvist av en uavhengig klagenemnd. Er det klagerett over et vedtak om å avvise en klage som er truffet av et kommunalt eller fylkeskommunalt organ som klageinstans, går klagen til fylkesmannen. For særskilte saksområder kan Kongen fastsette klageregler som utfyller eller avviker fra reglene i dette kapittel. Forskrift som begrenser klageretten eller som ellers vesentlig endrer reglene til skade for partsinteresser, kan bare gis når tungtveiende grunner taler for det. |
||||||||||
Fylkesmannen og rådmannen i Sogndal må følgje forvaltningslova! |
Det er
ingen tvil om at Fylkesmannen gjorde eit lovleg vedtak i
klagesaka den 14. desember 2009. §28 i forvaltningslova gjev ikkje Fylkesmannen rett til å innføre klagerett på dette vedtaket. Fylkesmannen har ikkje høve til å oppmode ein av partane om å krevje ny handsaming av klagen. Rådmannen har ikkje høve til å sende saka i retur til Fylkesmannen fordi kommunen har ikkje klagerett etter fvl § 28. Fylkesmannen sitt omgjeringsvedtak av 16. april 2010 er ugyldig. |
||||||||||
Vedtaket av var i samsvar med krava i § 34 |
§
34. (klageinstansens kompetanse). Dersom vilkårene for å behandle klagen ikke foreligger, skal klageinstansen avvise saken, jfr. dog § 31. Klageinstansen er ikke bundet av at underinstansen har ansett vilkårene for å foreligge. Tas klagen under behandling, kan klageinstansen prøve alle sider av saken og herunder ta hensyn til nye omstendigheter. Den skal vurdere de synspunkter som klageren kommer med, og kan også ta opp forhold som ikke er berørt av ham. Der statlig organ er klageinstans for vedtak truffet av en kommune eller fylkeskommune, skal klageinstansen legge vekt på hensynet til det kommunale selvstyre ved prøving av det frie skjønn. Vedtaket kan ikke endres til skade for klageren, med mindre dennes interesser finnes å måtte vike for omsynet til andre privatpersoner eller offentlige interesser. Melding om slik endring må være sendt klageren innen 3 måneder etter at underinstansen mottok klagen. Begrensningene i første og annet punktum gjelder likevel ikke når vedtaket også er påklaget av en annen klager, og dennes klage finnes begrunnet. Klageinstansen kan selv treffe nytt vedtak i saken eller oppheve det og sende saken tilbake til underinstansen til helt eller delvis ny behandling. |
||||||||||
| Fylkesmannen kan gjere om sitt eige vedtak dersom eitt av tre vilkår i § 35 i forvaltnigslova er oppfylt: | §
35. (omgjøring av vedtak uten klage). Et forvaltningsorgan kan omgjøre sitt eget vedtak uten at det er påklaget dersom a) endringen ikke er til skade for noen som vedtaket retter seg mot eller direkte tilgodeser eller b) underretning om vedtaket ikke er kommet fram til vedkommende og vedtaket heller ikke er offentlig kunngjort, eller c) vedtaket må anses ugyldig. Foreligger vilkårene etter første ledd, kan vedtaket omgjøres også av klageinstansen eller av annet overordnet organ. Dersom hensynet til andre privatpersoner eller offentlige interesser tilsier det, kan klageinstans eller overordnet myndighet omgjøre underordnet organs vedtak til skade for den som vedtaket retter seg mot eller direkte tilgodeser, selv om vilkårene etter første ledd bokstav b eller c ikke foreligger. Melding om at vedtaket vil bli overprøvd, må i så fall sendes ham innen tre uker etter at det ble sendt melding om vedtaket, og melding om at vedtaket er omgjort må sendes ham innen tre måneder etter samme tidspunkt. Gjelder det overprøving av vedtak i klagesak, må melding om at vedtaket er omgjort likevel sendes vedkommende innen tre uker. Annet og tredje ledd gjelder ikke for kommunale, fylkeskommunale eller statlige organer som er klageinstans etter § 28 annet ledd første eller annet punktum. Statlige klageinstanser kan likevel oppheve vedtak som må anses ugyldige. De begrensninger i adgangen til å omgjøre et vedtak som er forutsatt i første, annet og tredje ledd, gjelder ikke når endringsadgangen følger av annen lov, av vedtaket selv eller av alminnelige forvaltningsrettslige regler. |
||||||||||
| Kva gjer Fylkesmannen? |
Fylkesmannen
har ikkje lagt fram skriftleg dokumentasjon som viser at
vedtaket av 14. desember 2009 er ugyldig. Han har dermed
ikkje lov til å gjere om sitt eige vedtak etter fvl. §
35 c. Dermed er det ingen tvil om at vedtaket av 16. april 2010 må reknast som eit ugyldig vedtak som kan opphevast med heimel i fvl. § 35 c! |
||||||||||
| Brev frå Fylkesmannen av 25. juni 2010 | Etter oppfordring
frå Sivilombudsmannen, innrømmer Fylkesmannen at han
har gjort feil: "I vårt vedtak, datert 16.04.10, er det opplyst at vedtaket er endeleg og ikkje kan påklagast. Dette er feil, då vedtaket av 16.04.10 er eit omgjeringsvedtak, der Fylkesmannen endrar sit eige vedtak av 14.12.09. Etter dette er det klart at det er høve til å klage på Fylkesmannen sitt vedtak av 16.04.10." Klagen vart levert til Fylkesmannen 14. juli 2010 og send vidare til Kommunal- og regionaldepartementet 16. juli med denne kommentaren: Kopi av brevet vart journalført av Sogndal kommune den 21. juli 2010. Fylkesmannen venta derimot 3 veker før brevet vart journalført den 9. august 2010. |
||||||||||
| Johannes Idsø kommenterte klagen som tøv i brev til Fylkesmannen av 18.07.2010 | Dokument: Merknader til Dagmar Ølnes Lotsberg sin
klage til departementet - Johannes Idsø
Dette brevet vart sendt på E-post og journalført hos Fylkesmannen den same dagen. Dei nye påstandane frå Johannes Idsø om tøv og usanning, blir tilbakeviste i eit brev frå Dagmar Ølnes Lotsberg til KRD av 21.07.2010. Ho legg ved kopi av brevet frå Johannes Idsø. Fylkesmannen vel å oversjå dei usaklege påstandane frå Idsø og legg brevet på arkivet utan å sende kopi til Departementet sjølv om brevet frå Idsø avsluttar slik: "Vi ber om at dette brevet blir sendt til departementet sammen med klagen til Dagmar Ølnes Lotsberg." |
||||||||||
| Brev frå KRD av 1.10.2010 | Det Kongelege Kommunal- og Regionaldepartementet (KRD) gjev korreks til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. I brevet viser KRD til at Forvaltningslova set minimumskrav til saksutgreiing før klagen kan handsamast! KRD stiller fleire kritiske spørsmål som Fylkesmannen burde ha svart på den 16. juli. | ||||||||||
| Brev frå Johannes Idsø av 8.10.2010 | Johannes Idsø kommenterer brevet frå KRD til Fylkesmannen av 1.10.2010. Han gjev juristane i KRD ei kort innføring i forholdet mellom dømmande makt og utøvande makt! | ||||||||||
| Brev frå Fylkesmannen av 12.11.2010 | Fylkesmannen innrømmer at han gav
feil informasjon i brevet av 16. april 2010 og er einig i
at alle møtedeltakarane burde ha fått høve til å lese
referatet frå møtet den 8. april 2010 før han gjorde
nytt vedtak. Fylkesmannen påstår at feilen i
møtereferatet ikkje hadde noko å seie for utfallet av
saka, men nemner ikkje kvifor det var så viktig å halde
referatet unna journalen fram til 26. april, over ei veke
etter at omgjeringsvedtaket var kunngjort. I dette brevet påstår han at klagen vart levert for seint: "Lotsberg klaga over vedtaket 14.07.2010, dvs nær tre månader etter at ho fekk melding om vedtaket. Klagefristen var såleis ute. Klagar har etter dette ikkje noko rettskrav på å få klagen sin handsama." Fylkesmannen meiner at Dagmar Ølnes Lotsberg burde ha levert ein enklare klage med det same ho mottok meldinga om at Fylkesmannen sitt omgjeringsvedtak vart gjort etter feil lovparagraf. Kva meiner han med "enklare klage"? Ønskjer Fylkesmannen å få enkle klager utan dokumentasjon? Finn han grunnlag for dette i Forvaltningslova? Brevet vart underteikna av juridisk sjef fredag den 25.06.2010 og levert i postkassa tysdag i veka etterpå. Klagen vart levert i ekspedisjonen hos Fylkesmannen den 14. juli, det vil seie godt innafor den vanlege klagefristen på 3 veker. Til samanlikning treng Fylkesmannen 6 veker på å skrive to A4-sider til KRD. Dette vart kommentert i nytt brev til KRD av 18.11.2010. |
||||||||||
| Brev frå KRD av 22.12.2010 | Etter ei grundig
saksutgreiing, trekkjer Departementet denne naturlege
konklusjonen: "Departementet har etter dette kommet til at fylkesmannnens omgjøringsvedtak av 16. april 2010 er basert på feilaktig vurdering av de privatrettslige forholdene. Departementet tar således klagen til følge. Med hjemmel i fvl. § 34 fjerde ledd oppheves fylkesmannen i Sogn og Fjordane sitt omgjøringsvestak av 16. april 2010. Fylkesmannens vedtak av 14. desember 2009 er etter dette det endelige vedtaket i saken. Departementets vedtak kan ikke påklages videre, jfr. fvl. § 28 tredje ledd første punktum." |
||||||||||
| Brev frå Johannes Idsø til KRD av 25.12.2010 | Johannes Idsø spør om Departementet
har brukt lutkast ved klagehandsaminga! "Departementet viser til lov om sameige og sier en skal bruke lutkast dersom 50 prosent gir inn for et forlag og 50 prosent går i mot. Det er nettopp situasjonen i dette tilfellet. Vårt spørsmål er derfor: Har departementet brukt lutkast når klageren gis støtte?" |
||||||||||
| Brev frå Johannes Idsø til KRD av 04.01.2011 | Johannes Idsø forstår ikkje KRD si
grunngjeving og tvilar på at sakshandsamaren har lese
saksdokumenta. "Hvorfor omtaler ikke departementet fylkesmannen sin uttalelse om arealet? Siden det er den eneste begrunnelsen departementet kommer med, så er det svært merkelig at de ikke omtaler og eventuelt tilbakeviser fylkesmannens ressonnement. Det får oss til å tro at departementet ikke har lest sakspapirene." - - - - "For en erfaren saksbehandler i departementet bør det være elementært å gi gode svar på spørsmålene ovenfor for vårt mål er å forstå begrunnelsen for vedtaket." |
||||||||||
| Svar frå KRD av 25.01.2011 | Svar på breva frå Johannes Idsø av
25.12.2010 og 4.01.2011. KRD stadfester at vedtaket av 22.12.2010 er eit endeleg vedtak utan klagerett. |
||||||||||
| Brev frå Johannes Idsø til KRD av 29.01.2011 | Johannes Idsø aksepterer ikkje KRD si
grunngjeving og ser framleis Fylkesmannen sitt vedtak av
16. april som det rette vedtaket i saka. Han gjentek
påstanden om at Departementet har tolka lova feil og
krev at Departementet gjer om sitt eige vedtak: "Med den lovtolkningen som departementet legger til grunn, så har departementet i realiteten opphevet lutkastbestmmelsen i loven." |
||||||||||
| Rådmann Jostein Aanestad |
Brevet frå KRD
opphevar forvaltningsutvalet sitt 4-3-vedtak av 28. mai
2009. Kvifor la ikkje rådmannen brevet fram for forvaltningsutvalet under posten "Skriv og meldingar" i møte den 3. februar 2011? Han tok med tre andre saker: A.
Vedtak i klagesak som gjeld oppføring av garasje og
overbygg på uteplass. Brev dagsett 10. des. 2010 frå
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Kvifor ventar rådmannen med offentleggjering av brevet frå KRD av 22. desember 2010? Har han sendt saka i retur? |
||||||||||
| Ordførar Jarle Aarvoll | Ordføraren deltok på møtet i forvaltningsutvalet den 3. februar 2011 og er kjend både med Sogndal kommune si uryddige sakshandsming og KRD sitt endelege vedtak. Kvifor etterlyste han ikkje saka på dette møtet? | ||||||||||
| Utvalsleiar Liv Synnøve Bøyum | Det går ikkje fram av møteprotokollen om leiaren etterlyste saka på møtet! | ||||||||||
| Mindretalet på 3 | Mindretalet på tre medlemmer frå 28.5.2009 fekk gjennomslag for synet sitt i Kommunal og regionaldepartementet. Kvifor stilte dei ingen spørsmål til rådmannen på møtet den 3. februar? |